Emner: MAN302 Fordypning i manusutvikling for serier - Høst 2022




Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi fordjuping i sentrale delar av manushandverket.

Undervisinga er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg stab og høgt kvalifiserte gjesteforelesarar. Emnet er delt inn i tre modular.

Modul 1: Manusfaglege element

a) Dialog

I denne komponenten lærer studentane om dialogens konvensjonar og funksjonar i ulike sjangrar og medium. Dei lærer om kva som skil dialogen i tv-fiksjon frå kvardagsspråket, og skal omsetja kunnskapen i praksis gjennom skriveøvingar

b) Bransjekunnskap

Aktørar frå bransjen (kanalar, produksjonsselskap o.l.) gir verdifull innsikt i korleis relevante delar av tv-industrien fungerer

c) Pitching

Studentane skal pitche eit prosjekt for medstudentar, faglærarar og representantar frå bransjen.

 

Modul 2: Skriverom/forfattarteam

Studentane skal gjennomføre ei samskrivingsoppgåve for å få røynsle med korleis det er å vere del av eit såkalla 'skriverom'. Denne innleveringa munnar ut i manus som BA-studentane i TV-produksjon kan realisere som sine eksamensfilmar.

Modul 3: Pilot

I løpet av emnet skal studentane skriva ein pilot til ein tv-serie.

I dette kurset kan det bli lagt opp til samarbeidsseminar med studentar frå dei to andre praktiske masterprogramma ved MCB.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

MAN301

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Masterprogram i manusutvikling for seriar

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar og workshops

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Samskrivingsøving

Pitching av pilot

 

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Gyldige obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Ei innlevering beståande av to delar:

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.

Litteraturliste

-

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no