Emner: MEVI104 Retorikk og strategisk kommunikasjon - Høst 2022
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Målretta og planlagt kommunikasjon er ein integrert del av verksemda til organisasjonar, interessegrupper og politiske parti for å kunna overtyda, informera og endra åtferd. Strategisk kommunikasjon og målgruppetenking pregar politikk og samfunnsliv, og som medborgarar blir vi utsette for finsikta påverknadsforsøk frå interessegrupper og kommersielle aktørar. I dette emnet studerer vi slik kommunikasjon.
Heilt frå retorikken til Aristoteles og sofistane og til våre dagars medie- og kommunikasjonsforsking har mennesket prøvd å greie ut korleis vi påverkar kvarandre. Emnet gir ei historisk og systematisk innføring i retorikk og strategisk kommunikasjon som generell medie-, kommunikasjons- og argumentasjonslære. Vi ser på slik kommunikasjon i forhold til kulturelle, historiske og situasjonelle omstende, og som konstruksjon av identitet. Vi drøftar forholdet til sjanger, medium og formidlingsmåtar. Vi ser på retorikk som argumentasjon, estetikk og etikk, og vi undersøkjer korleis forskjellige medier påverkar retorikk og strategisk kommunikasjon.
I emnet gjer vi ikkje berre historiske, teoretiske og analytiske studium, vi arbeider også med praktisk kommunikasjonsarbeid. Du må til dømes halde ein tale og du må gi konstruktiv tilbakemelding på dine medstudentar sine taler. Gjennomført deltaking i den praktiske formidlinga er eit krav for å få ta eksamen.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan beskriva sentrale trekk i utviklinga av kommunikativ påverknad frå antikkens retorikk og fram til våre dagars mediesamfunn og strategisk kommunikasjon.
- kan gjera greie for sentrale teoriar innan fagfeltet, frå dei klassiske innføringar i kunsten å tala til moderne teoriar om PR, påverknad, strategisk kommunikasjon og retorikk i media.
- kan gjera greie for betydninga, funksjonen til og verdien av retorikk og strategisk kommunikasjon i offentligheita, inklusiv spørsmål om demokratiske ideal og etikk.
Ferdigheiter
Studenten
- kan utføra retorisk analyse og evaluering av forskjellige ytringar og genrar
- kan utvisa ferdigheiter i strategisk tenking og retorisk kommunikasjon og formidling, samt praktisera overtydande munnleg og skriftleg framstilling
- kan gi tilbakemelding på tekst og tale, samt bidra med grunnleggjande rådgiving i strategisk tenking og retorisk kommunikasjon
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruka kunnskapane sine til å forstå retoriske situasjonar, samt setja seg inn i kommunikasjonsutfordringar
- kan bruka ferdigheitene sine til å gjera grunnleggjande analyse, formidla og rettleia i møte med slike situasjonar og utfordringar
- kan reflektera over spørsmål om retorikk og strategisk kommunikasjon i forhold til funksjon, effekt, etikk og demokratiske ideal
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MEVIX100. Studentar som ikkje har MEVIX100 anbefalast å setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart. Dette emnet gir best meining om det vert tatt saman med eller etter andre emne i medievitskap eller kultur- eller samfunnsfag.
Studiepoengsreduksjon
Full overlapp med RET101 (15 sp)
Krav til studierett
Berre for studentar på bachelorprogram i medier og kommunikasjon, årsstudium i medier og kommunikasjon eller bachelorprogram i retorikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar. Praktiske øvingar og presentasjonar vil inngå i førelesningar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande obligatoriske undervisningsaktiviteter må være godkjend for å kunne gå opp til eksamen:
- Gruppeundervisning:
- Gi tilbakemelding på medstudentar sine taler
- Skrive kronikk og kommentera på ein medstudent si kronikk
- Godkjend fem av åtte kortsvarsoppgåver
- Oppmøte på seminar (80%)
Kronikken har fagfellevurdering mellom studentar, og dessutan tilbakemelding frå seminarleiarar. Talemanuskript har tilbakemelding i taleworkshop (3 timar) frå både studentar, seminarleiarar og faglærar, og på den retoriske rapporten får studentane rettleiing med faglærar.
Ein godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i to semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Mappevurdering:
- Ei praktisk formidlings-, kommunikasjons- eller strategioppgåve som student(ane) sjølv vel innafor gitte rammer.
- Ein rapport som med bakgrunn i teoriar frå emnet gjer greie for vurderingar som er gjort i arbeidet med den praktiske oppgåva.
Eksamen kan takast individuelt eller i grupper på to:
- Individuell rapport skal vere på om lag 6000 ord.
- Grupperapport skal vere på om lag 8000 ord.
Det blir gjeve ein samla karakter på mappa.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
https://www.uib.no/nb/infomediahttps://www.uib.no/nb/infomediaInstitutt for informasjons- og medievitenskap
Administrativt ansvarleg
https://www.uib.no/nb/infomediahttps://www.uib.no/nb/infomediaInstitutt for informasjons- og medievitenskap
Kontaktinformasjon
studieveileder.media@uib.no