Emner: MIX202 Design for mediebruk - Høst 2022




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gjere studenten kjend med utfordringane knytte til design av system og grenseflatar som presenterer medieinnhald til mediebrukarar. Døme er nye interaktive forteljingsformat, nye metodar for å aksessere nyhende, og nye bruksformer for spelelement i sosiale media. Emnet legg vekt på brukarevalueringar av mediebruk såvel som produksjon av originalt medieinnhald basert på innsikter frå evalueringar. Emnet inkluderer følgjande tema:

Modul 1: Utforske eksperimentelt medieinnhald produsert i eit eksisterande og etablert medium (til dømes ein ny app for ei riksdekkande avis, eller originalt multimedialt innhald for ein etablert TV-kanal). I denne modulen lærer studentane å evaluere bruk av innhald med subjektive metodar som kvalitative intervju og/eller fokusgrupper, og med objektive metodar som blikksporing og stressarmbånd. Studentane lærer om mediebruk i utvalde sosiodemografiske grupper. Arbeidet føregår i grupper som vert laga av faglærarane.

Modul 2: Utvikle medieinnhald til eit eksperimentelt, ikkje-etablert grensesnitt (til dømes dokumentar for VR-briller). I denne modulen lærer studentane å produsere innhald for nye og lite utprøvde grensesnitt. Dei skal lage originale historier, storyboard og produsere lyd, video, animasjonar og interaktive funksjonar. Forteljingane skal bygge på innsikter frå modul 1, og vere laga til eksplisitte målgrupper. Arbeidet føregår i grupper som vert laga av faglærarane.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

MIX100

Krav til studierett

Reservert for studentar på bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign

Arbeids- og undervisningsformer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking i all organisert undervisning.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Godkjende obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

To deleksamenar:
  1. Gruppelevering: Studentane skriv ein rapport på om lag 4000 ord frå brukarevalueringa. Evalueringa skal gjere greie for bruken av både subjektive og objektive metodar (modul 1, tel 1/2).
  2. Gruppelevering: Studentane lagar ein prototype og ein skriftleg spesifikasjon på om lag 1500 ord. Spesifikasjonen skal inkludere eit storyboard (modul 2, tel 1/2).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no