Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan nytte teoretisk og praktisk kunnskap til å formulere munnleg og skriftleg ein uavhengig evaluering av sitt eige produkt og den tilhøyrande utviklingsprosessen.
- har kjennskap til aktuelle innovasjonspraksisar og teknologiar i bransjen og har eit realistisk perspektiv på korleis medieselskap opererer på marknaden.
- kan gjere greie for skilnadene mellom forskingsmetode og designmetode, og forklare korleis kombinere dei to i eit praktisk orientert forskingsprosjekt.
Ferdigheiter
Studenten
- har avanserte ferdigheiter i minst eit av dei følgjande felta: interaksjonsdesign, programmering, testing og innhaldsproduksjon.
- kan samarbeide effektivt i grupper og med vertsselskap.
Generell kompetanse
Studenten
- kan som del av ei sjølvstendig gruppe planleggje og utvikle ein fungerande prototype av eit interaktivt mediesystem, samt evaluere sitt eige arbeid ut i frå faglege og etiske standardar.
- kjenner til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan design av interaktive system, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet.