Vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Studentane vil fylgje laboratorieprotokollar for å utføre molekylær kloning av to proteinkodande gener etterfulgt av uttrykking i mammalske celler og analyser med immuno-deteksjon og mikroskopi teknikkar. Resultata som vert oppnådd vil rapporteras i format for vitskapeleg publikasjon (IMRaD) og vil verte evaluert.
Studentane får teoretisk og praktisk introduksjon til viktige metodar og teknikkar i biokjemi og molekylærbiologi. Desse inkluderer arbeid med molekylær kloning, PCR, plasmidoppdyrking i bakterier, plasmidreining, restriksjonsenzymanalyse, overuttrykking av gener i mammalske celler, mikroskopi, gelelektroforese. I tillegg vil studentane få eigenhands erfaring og fordjupning med bruk av nukleinsyredatabaser og andre bioinformatiske verktøy. Studentane vil læra dei fysiske og kjemiske prinsippa bak dei analytiske metodane.
Samstundes med dei praktiske aspekta ved emnet vil det også verta lagt særskilt vekt på dokumentasjon, kritisk evaluering, og kvalitativ og kvantitativ analyse av resultata. Tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid vert og vektlagt.
Emnet har som mål å gje solid grunnkunnskap og dugleik i eksperimentell molekylærbiologi teknikkar og vitskapeleg kommunikasjon, og dermed danne grunnlag for vidare studier i molekylærbiologi.
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Dugleik
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
MOL100 og KJEM110 og eit av emna MOL103(MOL203)/MOL200/BIO103
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og at du oppfyller eventuelle opptakskrav. Bachelorstudenter i molekylærbiologi har fortrinnsrett til emnet.