Emner: NUTR290 Bacheloroppgave i human ernæring - Høst 2022




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Høst og vår (5. og 6. semester)

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studentane erfaring med ernæringsvitskapeleg arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og presentasjon av eit vitskapeleg prosjekt (både munnleg og skriftleg), slik at studenten kan dokumentere vitskapeleg tenke- og arbeidsmåte.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve, der akademisk skriving, kjeldesøk, kjeldekritikk og etiske problemstillingar vil bli drøfta. Studentane velgjer bacheloroppgåve frå ei temaliste som presenterast i slutten av haustsemesteret (5. semester).

Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/problemstilling knytt til ernæring. Oppgåva kan enten vere basert på empirisk undersøking eller på ein gjennomgang og samanfatting av litteratur på ein systematisk måte til eit avgrensa tema.

Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk. Om lag midtvegs i emnet skal studentane gje ein munnleg presentasjon av oppgåva til kvarandre på eit bachelorseminar (obligatorisk deltaking). Presentasjonen kan gjennomførast på norsk eller engelsk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Kandidaten..

Ferdigheiter: Kandidaten..

Generell kompetanse: Kandidaten..

Krav til forkunnskapar

Studentane skal på førehand ha fullført minimum 120 obligatoriske studiepoeng innan bachelorprogrammet i human ernæring.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet startar i haustsemesteret, og det vil være obligatoriske aktiviteter i slutten av haustsemesteret. Obligatoriske førelesingar innan vitskapelege metodar, forskingsetikk, og bruk av biblioteksverktøy vil gje den naudsynte teoretiske bakgrunnen for å skriva ei bacheloroppgåve.

Studentane velgjer oppgåve og deltek på bibliotekskurs med litteratursøk før jul.

Munnleg presentasjon av prosjektet på et bachelorseminar er obligatorisk.

Sjølvstendig skriving av litteraturoppgåve under rettleiing. Oppgåva skrivast i hovudsak i grupper på to studentar, men enkelte oppgåver er individuelle. Studentane kan få inntil 10 timer rettleiing per oppgåve av rettleiar, som inkluderer rettleiingssamtale og gjennomlesing av oppgåva.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning og aktiv deltaking og presentasjon på bachelorseminaret er obligatorisk.

Vurderingsformer

Ei skriftleg bacheloroppgåve. Dei fleste oppgåvene er gruppeoppgåvar som skrivast i par, men enkelte oppgåver er individuelle.

Alle kandidatar på ei gruppeoppgåve får same sluttkarakter.

Omfang: omlag 5000-8000 ord ved individuell oppgåve og 8000-10 000 ord ved gruppeoppgåve (eksklusiv forside, referansar, appendiks, tabellar).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Programansvarleg

Programutvalg for ernæring

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 1

Kontaktinformasjon

studie-nutrition@uib.no/ (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46

Institutt

Klinisk institutt 1