Emner: NUTR290 Bacheloroppgave i human ernæring - Vår 2022




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studentane erfaring med ernæringsvitskapeleg arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og presentasjon av eit vitskapeleg prosjekt (både munnleg og skriftleg), slik at studenten kan dokumentere vitskapeleg tenke- og arbeidsmåte.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve kor akademisk skriving. kjeldesøk, kjeldekritikk og etiske problemstillingar vil bli drøfta. Studentane kan velgje ei oppgåve frå ei temaliste som presenterast tidleg i emnet.

Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/problemstilling knytt til ernæring. Oppgåva kan enten vere basert på empirisk undersøking eller på ein gjennomgang og samanfatting av litteratur på ein systematisk måte til eit avgrensa tema.

Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk. Om lag midtvegs i emnet skal studentane presentere sine oppgåver til kvarandre på eit bachelorseminar (obligatorisk deltaking). Presentasjonen kan gjennomførast på norsk eller engelsk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Kandidaten..

Ferdigheiter: Kandidaten..

Generell kompetanse: Kandidaten..

Krav til forkunnskapar

Studentane skal på førehand ha fullført minimum 120 obligatoriske studiepoeng innan bachelorprogrammet i human ernæring.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Obligatoriske førelesingar innan vitskapelege metodar, forskingsetikk, og bruk av biblioteksverktøy

Munnleg presentasjon av prosjektet på et bachelorseminar, obligatorisk

Sjølvstendig skriving av litteraturoppgåve under rettleiing. Oppgåva kan skrives individuelt eller i gruppe på to studentar. Studentane kan få inntil 10 timer rettleiing per oppgåve av rettleiar. Dette inkluderer rettleiingssamtale og gjennomlesing av oppgåva.

Bacheloroppgåva bør vere omlag 5000 ord, og maksimalt 8000 ord (eksklusiv referansar, appendiks, tabellar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingar innan vitskapelege metodar, forskingsetikk, og bruk av biblioteksverktøy

 

Munnleg presentasjon av prosjektet og deltaking på bachelorseminar

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve (individuell eller i gruppe på to studentar) på omlag 5000-8000 ord ved individuell oppgåve og 8000-10 000 ord ved gruppe på to.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Programansvarleg

Programutvalg for ernæring

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 1

Kontaktinformasjon

studie-nutrition@uib.no/ (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46

Institutt

Klinisk institutt 1