Emner: OD2MIKR Mikrobiologi - Høst 2022




Studiepoeng, omfang

2

Studienivå (studiesyklus)

Integrert masterprogram i odontologi

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår, fjerde semester

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Den generelle delen av kurset tek føre seg inndelinga, bygnaden, dei biologiske funksjonane og dei sjukdomsframkallande eigenskapane til mikroorganismar. Hovudvekta blir lagd på bakteriar, sopp og virus av odontologisk tyding. Samspelet mellom mikroorganismane og vertsorganismen og mellom forskjellige mikroorganismar i lokalmiljøet (mikroøkologi) blir forklart. Det blir også gitt ei innføring i kvifor bakteriar kan bli motstandsdyktige mot antimikrobielle middel og korleis slik resistens kan spreiast til andre bakteriar. Den delen som handlar om oral mikrobiologi greier ut om mikroorganismane og mikroøkologien i munnhola og desse faktorane si tyding for oral helse og infeksjonar i tenner, tennene sitt festeapparat, slimhinner og kjevar. Spreiing av orale infeksjonar til andre delar av kroppen og mogleg samanheng mellom kronisk oral bakteriell infeksjon og sjukdomsprosessar andre stader i kroppen blir omtala.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan gjere greie for:

Ferdigheiter

Studenten kan:

Generell kompetanse

Studenten:

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått tredje semester i Integrert masterprogram i odontologi

Studiepoengsreduksjon

ingen

Krav til studierett

Integrert masterprogram i odontologi

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset består av forelesningar og eit laboratoriekurs

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga omfattar forelesingar, obligatorisk laboratoriekurs, bruk av studentportalen og tovegs kommunikasjon mellom faglærar og studentane via gruppe-e-post.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane leverer inn laboratoriejournal som må godkjennast av faglærar for å få gå opp til studieplanfesta prøve i 4. semester. 

Vurderingsformer

Skriftlig prøve, 2 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/Ikke bestått.

Vurderingssemester

Vår, fjerde semester

Litteraturliste

Engelkirk et al.  Burton's Microbiology for the Health Sciences. 11th editionJones & Bartlett Learning, 2019. ISBN 978-284-20995-2. Alle kapitler er aktuelle.

March & Martin¿s. Oral microbiology, 6th Elsevier, 2016.ISBN 978-0-7020-6106-6. 261 sider. Alle kapitler er aktuelle.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Programutvalg for odontologiske fag

Emneansvarleg

Kurt Hanevik, MD, PhD

Førsteamanusensis, Kinisk institutt 2

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 2

Kontaktinformasjon

studie.kliniskmedisin@uib.no