Emner: POLECON200 Regulering og politikk - Vår 2022




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet skal kaste lys over nyare idear om korleis ulike marknader kan regulerast og korleis desse har nedfelt seg i ulike organisasjonsformer. Undervisinga er basert på ein kombinasjon av teoriar frå samfunnsøkonomi, statsvitskap og organisasjonsteori og casestudiar.

Emnet byggjer på https://www.uib.no/nb/emne/AORG101AORG101 Organisasjonsteori og etablerer nye kategoriar og nye måtar å forstå organisatoriske strukturar og prosessar på. Vidare byggjer det på https://www.uib.no/nb/emne/ECON110ECON110 Mikroøkonomiske grunnbegrep og marknadsteori, som gir ei grunnleggjande innføring i korleis ulike marknadsformer fungerer. Det vil også bli trekkje vekslar på element frå https://www.uib.no/nb/emne/ECON210ECON210 Velferd og økonomisk politikk, inkludert omgrep som kollektive gode og eksterne verknader.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte: 

Kunnskap 

Studenten har

Ferdigheter 

Studenten kan

Kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

AORG101, ECON110 og ECON140

Tilrådde forkunnskapar

ECON210

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Berre for bachelorstudentar i politisk økonomi

Arbeids- og undervisningsformer

1-2 førelesningar/samlingar i veka, til saman 7-9 forelesingar og 3 presentasjonssamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på regulære førelesingar, tre caseførelesningar og tre presentasjonssamlingar med munnleg presentasjon i grupper og kommentering av presentasjonar frå andre studentar. Kvar caseforelesing tar for seg eit case; studenten(e) førebur ein presentasjon om dette caset til den neste presentasjonssamlinga. Obligatorisk innlevering av prosjektskisse og førsteutkast av semesteroppgåva. Vurderinga av arbeidskravet er basert på oppmøte, dei tre munnlege presentasjonane og det skriftlege grunnlaget til desse, kommenteringa av dei andre studentane sine presentasjonar og prosjektskisse og førsteutkast for semesteroppgåva.

Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig inneverande semester.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve. Oppgåva skal ta utgangspunkt i ei av studentens eigne presentasjonar, og studenten skal vidareutvikla dette til ei sjølvstendig oppgåve.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Emneansvarleg

Institutt for økonomi

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@econ.uib.no