Emnet skal gje studentane kunnskap om sentrale aspekt ved kosthald og ernæring og deira rolle innan åtferd, kognisjonar, mental og somatisk helse. Emnet gir innsikt i korleis kosthald kan sjåast som ein del av eit større livsbilde. Det blir gjennomgått teoretisk kunnskap innan søvn, døgnrytmar, energi metabolisme, hjernefunksjon og stress samt kva for strukturelle og individuelle faktorar som kan vere med å forklare utvikling av matvareintoleranse, eteforstyrringar og overvekt. Studentane skal utvikle kompetanse og ferdigheiter i kva som er gode og verksame tiltak for å fremje eit helsegunstig kosthald med vekt på samspel mellom individuelle og strukturelle faktorar.
Emnet vil gje ei innføring både i kosthald/ernæring som ein viktig basis for åtferd og psykisk helse, samt tiltak som kan setjast i verk for å fremje eit gunstig kosthald med tanke på psykisk helse. Tiltaksutviklinga vil bli sett i relasjon til den observerte auken i fedme som gjer seg gjeldande både i Noreg og i andre vestlege land.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper
Studentane...
Ferdigheiter
Studentane...
Generell kompetanse
Studentane...
Ein fleirvalsprøve i det digitale vurderingssystemet. Studenten må svara rett på minst 2/3 av spørsmåla for at prøven skal vera godkjent.
Den obligatoriske undervisningsaktiviteten må være godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.