Emner: RELDI313 Fordypning i religionsvitenskapelig fagdidaktikk - Vår 2022
Studiepoeng
10.0Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
-
Undervisningsspråk
Norsk/skandinavisk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde:
- demokrati og demokratilæring
- minoritets- majoritetsperspektiv
- undervising i kontroversielle tema
Læringsutbyte
Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten har kunnskap om:
- kva rolle religion og livssyn har i demokratiske prosessar
- korleis religiøse minoriteter og majoritetar vert framstilt i ulike samanheng og dei konsekvensar dette har for identitet- og gruppekonstruksjonar
- kva som kan opplevast som kontroversielle spørsmål i ulike settingar i tid og rom
Ferdigheitar:
Studenten
- kan analysere og kritisk drøfte og vurdere læreplaner, lærebøker og andre læremiddel for religions- og livssynsfaga i norsk skule
- kan planleggja, gjennomføre og evaluera eigen undervising og vurdera elevanes sitt læringsutbytte
- kan undersøke læring i eige klasserom ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og reflektere over dette skriftleg og munnleg
Generell kompetanse:
Studenten
- kan nytte fagleg og fagdidaktisk kunnskap for å utvikle eigen og andre si undervisningspraksis
- kan på fagdidaktisk grunnlag leggje til rette for at religion- og livssynsfaga blir ein arena for elevane si demokratiske danning
- kan reflektere over eiga mangfoldkompetanse og si eiga rolle i skule og klasserom
Krav til forkunnskapar
100-nivå og 200-nivå i religionsvitskap; 100-nivå i fag II, samt greidd praksis KOPRA103.
Tilrådde forkunnskapar
Normal studieprogresjon på lektorprogrammet.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til Lektorutdanninga med master i historie eller religionsvitskap (med religionsvitskap som fag I).
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk frammøte på minst 80% av førelesings- og seminarundervisninga
Eit refleksonsnotat knytt til erfaringar frå praksis.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra.
Vurderingsformer
Rettleid semesteroppgåve med eit omfang på om lag 3000 ord.
Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i påfølgjande semester.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår
Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i påfølgjande semester (haust).
Litteraturliste
Liste over undervisningslitteraturen vært utarbeid av instituttet og omfattar om lag 800 sider. Litteraturlista vert tilgjengeleg 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no eller lektor@hf.uib.no