Emner: SAMPOL307 Forskningsdesign og kvalitative metoder - Høst 2022




Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng 

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

SAMPOL307 er eit emne i forskingsdesign. I tillegg til å studere eit breitt utval kjerneemnar innan forskingsdesign, vil studentane bli gjeve opplæring i logikk og bruken av datainnsamling og -analyse av kvalitative samfunnsdata.

Kurset fokuserer på logikken som ligg bak forskingsdesignet, og nytteverdien og relevansen av fleire forskjellige metodar innan kvalitativ datainnsamling og analysar av denne i samfunnsvitskaplege studiar.

Spesifikke emnar inkluderer: konseptualisering, kausalitet, casestudiar og samanlikning av par, komparativ metode, prosessporing, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, komparativ historisk analyse, feltarbeid og intervjuar.

For å bli kjent med korleis dei forskjellige metodane og forskingsdesigna blir brukt i praksis i publiserte artiklar, vil studentane lese eit utval forskingsartiklar og skrive fleire tekster som: (1) diskuterer korleis spesifikke metodar blir brukt og (2) evaluerer resultata av metodevala.

Emnet er delt inn i følgjande deler:

Konseptualisering, kausalitet, casestudiar, parvis samanlikning og einingsutval, komparativ metode, prosessporing, komparativ historisk analyse, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, feltarbeid og intervju.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i samanliknande politikk eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL305 Multivariat dataanalyse og SAMPOL306 Masterseminar i komparativ politikk

Studiepoengsreduksjon

Full poengreduksjon mot SAMPOL304

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar som er tatt opp til masterprogrammet i samanliknande politikk

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Fullstendig oppmøte i ikkje færre enn 13 av 15 gruppemøter

Vurderingsformer

Mappevurdering som består av:

Det blir gjort ei samla vurdering av innhaldet i mappa og det blir gitt éin karakter (ingen delkarakterar for dei enkelte mappeelementa).

 

Oppdatering: Som tiltak for å hindre spreiinga av koronaviruset våren 2022 vert det gjeve ein samla karakter basert på (1) 10 timars hjemmeeksamen (60%), og (2) to innleveringsoppgåver på maksimum 2000 ord (40%).

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F 

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret. Ny skuleeksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering, og som har levert begge oppgåvene i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på  studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet. 

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no