Emner: SANT215 Komparativ regional etnografi - Vår 2022
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Emnet tek utgangspunkt i dei tematiske kursa som studenten har vore gjennom på BA-programmet, og gjer sentrale perspektiv og debattar frå desse kursa relevante i forhold til to særskilde regionar. Førelesingane vil vere organiserte rundt komparative perspektiv på dei to regionane, ved at kvart tema blir drøfta opp mot etnografi frå begge regionane, med vekt på variasjon i kultur- og samfunnsformer. Det vil bli lagt vekt på korleis varige trekk ved kultur- og samfunnsformer heng saman med historiske og naturgitte føresetnader, samstundes som studenten får ei innføring i kritiske perspektiv på dei teoretiske føresetnadane som ligg til grunn for avgrensinga av regionar. I tillegg til førelesingar, vil etnografisk film vere ein viktig del av undervisinga på emnet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- gjere greie for sentrale trekk ved kultur- og samfunnsformer innan to etnografiske regioner
- kjenne til hovudtrekk ved antropologisk komparasjon
Ferdigheiter
- anvende innsikt om sosialitet, materialitet, meining og makt i eit regionalt komparativt perspektiv
- drøfte regionane sine sosio-kulturelle verkelegheiter i lys av imperialisme, globalisering og andre historiske vilkår
- vise forståing for samspelet og skilnaden mellom empiri, teori og analyse i eigen tekstproduksjon
Generell kompetanse
- reflektere over teoretiske utfordringar knytt til krysskulturell og regional komparasjon
- kunne anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv knytt til regional komparasjon
- kunne drøfte og samanlikne regionale særtrekk i ein sjølvstendig tekst
- kjenne til hovudtrekka i kvalitativ metode og kan reflektere over desse
- kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SANT100, SANT150, SANT102, SANT103, SANT104, SANT105
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og litteraturseminar
2 timer førelesing pr veke
14-15 veker, ca. 30 timer førelesning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg heimeeksamen. Tidsramme: éi (1) veke frå utlevering av oppgåvetekst til innlevering. Omfang: 3000 ord (+/- 10 prosent)
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F.
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og det påfølgande semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Undervisingsutvalet for sosialantropologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
Institutt for sosialantropologi
studieveileder@sosantr.uib.no
55 58 92 50 / 55 58 94 51