Emner: SOS101 Klassisk og moderne sosiologisk teori - Vår 2022
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Emnet skal gje innsikt i sentrale bidrag i klassisk og moderne sosiologisk teori. Ein studerer bidrag frå klassikarar og seinare bidragsytarar. Det vil kunna variera frå semester til semester kva for bidragsytarar eller teoretiske perspektiv som vert teke opp og kor stor vekt det vert lagt på dei. Ein blir kjend med korleis individ, samfunnsstrukturar og tilhøvet mellom sosial handling og sosial orden blir handsama innanfor dei ulike perspektiva. Er det det sosiale systemet eller dei sosiale handlingane som står i sentrum, og kva er det som kjenneteiknar teoriane om sosial handling og sosiale system? Dei ulike teoribidraga vert presentert gjennom eit utval av sosiologiske originaltekstar som tar opp ei rekke sentrale sosiologiske tema. Døme er makt og legitimitet, klasse og sosial ulikskap, integrasjon, kjønn, urbanitet, sosial samhandling, og utviklinga av sjølvet. Målet er at studentane skal lære å bruke kunnskapen om ulike perspektiv på slike tema til å drøfte aktuelle samfunnsspørsmål.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter avslutta emne kan studenten
- gjere greie for ein brei krets av klassiske og moderne bidrag i sosiologien og ulike teoretiske perspektiv knytt til tilhøvet mellom handling og orden
- gjere greie for og skilje mellom kollektivistiske og individualistiske forklaringar av samfunnsorden og mellom rasjonelle og ikkje-rasjonelle forklaringar av sosial handling.
- plassere teoriane i høve til samfunnskontekst og historisk tid, og gjere greie for korleis nyare teoriar bygger på, men også skil seg frå, teoriar som vart utvikla tidlegare
Ferdigheiter
Etter avslutta emne kan studenten
- svare på problemstillingar på ein analytisk og drøftande måte med grunnlag i vitskaplege tekster
- kunne bruke ulike tilnærmingar og omgrep for å forstå og diskutere konkret samfunnsliv
- skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar
Generell kompetanse
Etter avslutta emne har studenten
- forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
- forståing av kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debattert
- generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS100A Examen facultatum - invitasjon til sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Examen facultatum - invitasjon til sosiologi
Studiepoengsreduksjon
Nei
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga inneheld forelesingar og seminar. I seminara får studentane trening i munnleg drøfting av faglege problemstillingar.
Talet på førelesingstimar: 20-24
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei innleveringsoppgåve (2500 ord, +/- 10%) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
6 timars skriftleg skuleeksamen
Vurderingsform endra frå 6 timar skuleeksamen til 8 timars heimeeksamen våren 2022 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-på-eksamenrett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
studieveileder@sos.uib.no