Emner: SOS116 Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet - Høst 2022




Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Emne kan bli tilbydd både vår og haust, men tilbodet vil variere frå semester til semester

Mål og innhald

SOS116 Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi.

Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innan det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Formålet med dette emnet er å gje studentane kunnskap om klassiske og nyare bidrag i norsk og internasjonal forsking om sosiale klassar, stratifikasjonsforsking og sosial mobilitet. Emnet fokuserer på moderne vestlege samfunn, og tek opp spørsmål som:

Emnet vektlegg desse problemstillingane og prosessane sin historiske karakter. Eit hovudtema er derfor å følgje linjene frå dei klassiske analysane av sosial ulikskap og differensiering til analysar av slike skilleliner i dagens vestlege samfunn. Likeeins står problemstillingar i høve til sosial endring vs. sosial stabilitet eller reproduksjon sentralt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter å ha avslutta emnet kan kandidaten

Dugleikar

Etter avslutta emne kan studenten

Generell kompetanse

Etter avslutta emne kan studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SOS100A Innføring i sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Innføring i sosiologi

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar (20-24 timar) og seminar (ca. 20 timar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timar skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no