Emner: SPED200 Profesjonstenkning - lovverk og etikk i teori og praksis - Vår 2022




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med kurset er at det skal gje studentane føresetnader for å kunne reflektere kring yrkesrolla i eit profesjonsteoretisk perspektiv. Profesjonar er ein type yrker som utfører tenester, basert på teoretisk kunnskap, erverva gjennom en spesialisert utdanning. Spesialpedagogar og logopedar er mellom dei yrkesgruppene som har slik profesjonsutdanning. Desse yrkesgruppene yter tenester til barn, unge og vaksne med ulike former for læringsutfordringar, både med tanke på kartlegging, diagnostisering, behandling, utforming av tiltak og evaluering av tiltak. Profesjonell yrkesutøving skal skje i høve til lover og retningslinjer som regulerer behandling og undervisning, følgjer prinsippa for evidensbasert praksis og skal halde ein høg yrkesetisk standard. Profesjonar skal også bidra til vidareutvikle fagfeltet.

 

Studentane skal vidare få innsikt i dei ulike lovverka som regulerer feltet innafor utdanningssystemet og helsesektoren slik som Barnehagelova, Opplæringslova og Helselova, samt relevante styringsdokument. Gjennom emnet skal studentane få ytterlegare kjennskap til sentrale omgrep slik som spesialundervisning, tilpassa opplæring og inkludering. Dei skal og få innsikt i korleis individuelle opplæringsplanar (IOP) for elevar med rett til spesialundervisning kan bli utarbeida basert på forskingsbasert kunnskap. Gjennom emne skal studentane også få kjennskap til barn, unge og vaksne sine rettigheiter knytta til individuell plan (IP).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

-Kan gjere greie for profesjonsteoretiske omgrep som profesjonsidentitet, tillit og skjønn

-Kan gjere greie for yrkesetiske prinsipp for profesjonsutøving

-Har kunnskap om ulike hjelpetenester som skal støtte barn og elever med særskilte opplæringsbehov og rettigheiter heimla i lovverket

-Kan prinsippa for planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak basert på forskingsbasert praksis

-Kan gjere greie for ulike teoretiske modeller/perspektiv til bruk i praksis

-Kan gjere greie for strategiar som fremmer godt samarbeid med ulike aktørar

 

Ferdigheiter

Studenten

-Kan vurdere gode kartlegginsprosedyrar i tråd med prinsippa for forskingsbasert praksis

-Kan anvende forskingsbasert kunnskap for å konkretisere tiltak knytt til praksisfeltet i samsvar med gjeldande lover og retningslinjer

-Kan gjennomføre observasjon av undervisning og opplæring i ulike kontekster

-Kan utforme intervjuguide og gjennomføre intervju på praksisstaden

 

 

Generell kompetanse

Studenten

-Skal kunne kritisk drøfte relevante yrkesetiske utfordringar

-Skal kunne drøfte profesjonen sitt samfunnsmandat

-Skal kunne drøfte yrkesutøving i eit individ- og systemperspektiv

-Skal kunne drøfte sentrale omgrep (til dømes tilpassa opplæring, spesialundervisning og inkludering) som blir uttrykt i lovverk og styringsdokument

-Skal kunne finne fram til og bruke relevant forskingslitteratur

Krav til forkunnskapar

ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til bachelor i spesialpedagogikk

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i førelesingar (9 x 2 timar) og seminarundervisning i mindre grupper. Seminarundervisninga legg vekt på gruppediskusjon. Det vert forventa at studentane møter førebudd til seminara.

Praksis på til saman 50 timer som inkluderer 25 timer observasjonspraksis i grunnskulen eller andre relevant institusjonar, samt for- og etterarbeid på campus. Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om praksis ved semesterstart.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert organisert i førelesingar (9 x 2 timar) og seminarundervisning i mindre grupper. Seminarundervisninga legg vekt på gruppediskusjon. Det vert forventa at studentane møter førebudd til seminara.

Praksis på til saman 50 timer som inkluderer 25 timer observasjonspraksis i grunnskulen eller andre relevant institusjonar, samt for- og etterarbeid på campus. Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om praksis ved semesterstart.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske krav må være godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i tre semester (det semesteret ein gjennomfører aktivitetane og dei to påfølgjande semestera)

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Heimeeksamen over tre dagar, omfang ca.3000 ord (+/- 10 %).

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande

evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultet

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet