Emner: TVP104 Dokumentariske produksjoner - Høst 2022




Studiepoeng

30.0

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Dette er eit vidtfemnande emne som har som mål å gi studenten kunnskap om, og røynsle med, ulike faktasjangrar. Emnet har tre modular.

Modul 1: Fleirkameraproduksjon og intervjuteknikk.

Dette er ein praktisk retta modul som kan ha noko ulikt innhald frå semester til semester, men som på generelt grunnlag skal auke studentanes tekniske og produksjonsmessige kompetanse innan fleirkameraproduksjon og intervjuteknikk.

Modul 2: Oppdragsfilm/reportasje

Studentane skal få erfaring med korleis ein arbeider med korte informasjonsfilmar/reportasjar, frå research til idéutvikling til spissing av bodskap, til visuelt uttrykk. Oppdraga kan variere frå semester til semester, og vil typisk inkludere eigne øvingar som er relevante for dei konkrete produksjonane studentane skal lage, slik som grafikk og lydetterarbeid.

Modul 3: Minidokumentar

Studenten skal produsere ein minidokumentar på 10-12 minutt.

I forkant av produksjonen følgjer studentane akademiske førelesingar med tilhøyrande filmvisingar som gir innsikt i dokumentariske tradisjonar og konvensjonar for film og tv, samt i etiske problemstillingar knytt til verkelegheitsframstillingar. Desse førelesingane blir supplerte med gjesteførelesingar og seminar med representantar frå medieklynga som tek utgangspunkt arbeidet deira med ulike typar faktaproduksjonar. Praksislærar gir studenten kunnskap om manusskriving for dokumentarfilm, og om planlegging og praktisk gjennomføring.

Som del av førebuinga skal studentane også delta i ein workshop knytt til produksjon av dokumentarfilm.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

TVP101 og TVP102

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Studiepoengsreduksjon

TVP104 (30 studiepoeng)

Krav til studierett

Bachelorprogram i TV-produksjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Workshops, forelesingar, seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal vurdere kvarandre sine arbeid, i samråd og samarbeid med fagleg stab.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Gyldige obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

Det vil bli lagt hovudvekt på minidokumentaren i vurderinga.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no