Emner: TYS107 Tysk språk og tekstkunnskap - Høst 2022




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

 Tysk

Undervisningssemester

 Vår

Emnet går første gong våren 2019

Undervisningsstad

Bergen.

I perioden mellom undervisningsslutt og eksamen blir det tilbod om eit frivillig opphald i Kiel i tre veker.

Dette emnet finst òg som nettemne (TYS627) med eige opptak.

Mål og innhald

 I dette emnet skal studentane lære grunnleggjande tysk akademisk lesing og skriving. Eit overordna mål er å setje studentane i stand til å forstå og skrive akademiske tekstar på tysk

Kurset skal styrke studentane si evne til å

Læringsutbyte

Kunnskap:Studenten

Dugleik:Studenten

Grunnkompetanse:Studenten:

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for TYS107 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med TYS627.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar som føreset aktiv deltaking frå studentane, og ei øvingsgruppe.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane. 

Det skal skrivast 3 rettleidde tekstar (kvar på ca. 2000 ord). 2 av tekstane skal vere innanfor litteratur/kultur, 1 innanfor språk. 2 av desse tekstane (fritt val) skal inngå i ei mappe som er grunnlag for vurdering.

I tillegg skal det skrivast 8 øvingsoppgåver knytte til innhaldet i undervisninga.

Desse må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Desse oppgåvene kan løysast individuelt eller i grupper.

Vurderingsformer

Mappe med 2 tekstar (kvar på ca. 2000 ord). Studenten vel sjølv kva for to av dei tre tekstane under obligatorisk undervisningsaktivitet hen ønskjer å ha med i mappa. Innleveringsfristen for tekstane blir annonsert i starten av semesteret.

Det er ikkje mogleg å levere mappe i undervisningsfritt semester, men ein kan levere mappa neste undervisningssemester/vårsemester. Har mappa vore levert før, må tekstane omarbeidast. (Oppmøteplikta og dei 8 øvingsoppgåvene er gyldige i to semester etter undervisningssemesteret.)

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

 Pensum er eit kompendium med tekstar i og om ulike sjangrar som skal vere grunnlag for utviklinga av lese- og skrivedugleiken til studentane. Det omfattar òg oversyn (lister) over ord og uttrykk som er viktige for å strukturere og skape samanheng i tekstar.

Emneevaluering

 Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt