Emner: TYS311 Moderne tysk språk og litteratur - Høst 2022




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Tysk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

TYS311 er ei innføring i utvalte emne frå språk- og litteraturvitskap som er knytte til analyse av og arbeid med moderne litterære verk og kulturorienterte tekstar, dvs. tekstar frå det 20. og 21 hundreåret.

 

TYS311 er obligatorisk for alle studentar.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten

 

Dugleik:

Studenten

 

Kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i tysk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

 

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det skal skrivast fire kortare (ca. 300-500 ord kvar) øvingsoppgåver (to i litteratur og to i språk) og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga (ei i litteratur og ei i språk). Rettleiing på heimeeksamen er òg obligatorisk (sjå vurdering). Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet og er gyldige i undervisningessemesteret og det følgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av ein rettleidd heimeeksamen og ein munnleg eksamen (ca. 30 min). Heimeeksamen skal skrivast på ei veke og vere på om lag 4000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste. På heimeeksamenen vel ein mellom ei litteraturvitskapleg og ei språkvitskapleg problemstilling. Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort på heimeeksamen, og det kan òg stillast spørsmål til heimeeksamen og pensum. Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50% .

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum består av

a) utvalte emne frå språk- og litteraturvitskap (til dømes utvalte grammatiske tema av generell karakter, emne frå tekst- og varietetslingvistikk, kontrastiv analyse, genrelære, tekstinterpretasjon/-analyse) på til saman ca. 250-300 sider og

b) litterære verk og kulturorienterte tekstar (til dømes essays, kulturreportasjar, film o.l.) med eit omfang på inntil 500 sider.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for fremmedspråk

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no