Mål
Studenten skal tileigne seg inngåande kunnskap om sentrale helseutfordringar i dagens Norge, samt innsikt i korleis bruk av ulike teoritradisjonar genererer ulik kunnskap om desse utfordringane. Målet er å styrke kritisk refleksjon rundt kunnskapsproduksjon på feltet helse og samfunn.
Innhald
Emnet gir innsikt i komplekse utfordringar knytt til felta arbeid og helse og ein aldrande befolkning. Sosial ulikskap i helse og brukermedverknad vert og fokusert.
Emnet inkluderer vidare ei innføring i ulike teoritradisjonar - med vekt på eit biopsykosososialt-, antropologisk- og fenomenologisk perspektiv. Korleis ulike teoritradisjonar har implikasjonar for utvikling av og gyldigheit i vitskapleg kunnskap vert diskutert.
KUNNSKAPER
Studenten har:
¿ Inngående kunnskap om sentrale omgrep og problemfelt om arbeid og helse og ei aldrande befolkning.
¿ Inngående kunnskap om sentrale omgrep og problemfelt knytt til ulikskap i helse og brukarmedverking
¿ Innsikt i korleis bruk av ulike teoretiske tradisjonar - med vekt på eit biopsykosososialt, antropologisk og fenomenologisk perspektiv - genererer ulike typar kunnskap innan forskingsfeltet helse og samfunn
FERDIGHEITER
Studenten kan:
¿ Identifisere kunnskap og kunnskapsbehov som kan møte komplekse helseutfordringar i dagens Norge
¿ Formidle kunnskap innan felta arbeid og helse og ein aldrande befolkning med vekt på ulikskap i helse og brukermedverknad
¿ Diskutere korleis sentrale helseutfordringar kan belysast frå ulike teoretiske perspektiv for å kunne produsere
GENERELL KOMPETANSE
Studenten kan:
¿ Reflektere rundt kompleksiteten i helseutfordringar i Norge i dag
¿ Reflektere kritisk rundt korleis bruk av forskjellige teoretiske perspektiv gir grunnlag for produksjon av ulik forskingsbasert kunnskap innan feltet helse og samfunn
Studentaktiviserande undervisings- og arbeidsformer vert nytta:
Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.
Studierettleiar kan kontaktast her:
studie@igs.uib.no