Emner: AORG322A Offentlig politikk - Vår 2022




Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Kurset retter merksemd mot kva offentlege myndigheiter gjer, kvifor dei gjer det, og korleis dei får det til. Målet er å gi ein oversikt over ulike tradisjonar, perspektiv, problem og moglegheiter innanfor politisk analyse og samfunnsstyring. Dette gjer vi ved å undersøka ulike samfunnsaktørars tilnærmingar, interesser og ressursar, og ved å sjå nærmare på offentlege institusjonar, verkemidlar og verktøy i utforminga av politikk. Vi undersøker vedtaksprosessar - frå agendasetting, politikkutvikling og til iverksetting og evaluering - og forskjellege styringssystem. Administrative reformar og organisasjonsendringar med døme frå politikkområde som forvaltingspolitikk, utdanningspolitikk, helsepolitikk og velferdspolitikk er sentralt. Dette er komplekse samfunnsproblem som ikkje så lett lar seg løysa, og som omtales som grenseoverskridande problema eller «wicked problems». Vi byrjar kurset med å studere forskjellige politikkområde og avsluttar med ein nærmare analyse av nyare utviklingstrekk og reformar innanfor offentleg politikk og administrasjon som vektlegg kvalitet i offentlege myndigheiter og samfunnsstyring («quality of government» og «good governance»), og det som kallas ny offentleg styring eller «New Public Management» og «Post-New Public Management». The compulsory assignment must be approved in order to take the exam. Approved compulsory assignments are valid in the current and following two semesters.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar 

Studenten

Ferdigheiter 

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103 / AORG105 / AORG107, AORG209 / AORG210

Studiepoengsreduksjon

Fullstendig overlapp og total poengreduksjon med AORG322B, AORG318 og AORG320.

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

6-8 førelesningar og 3-4 seminar. Studenten forventast å ta aktivt del i diskusjonen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av eit kortare essay (omlag 2000 ord) om eit pensum relatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentera eit skriftleg/munnleg bidrag frå ein annan student. Studentane forventast å ta aktivt del i diskusjonen på førelesning og seminar. Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.

Vurderingsformer

Fire timars skuleeksamen.

Vurderingsform er endra frå 4 timar skuleeksamen til 8 timars heimeeksamen som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det være mulig å ta ny eksamen i påfølgande semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no

Tlf 55 58 21 54