Haust
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaketundervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast måndag veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte må du kontakte Studieseksjonen (studie.bio@uib.nostudie.bio@uib.no). Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB.
Emnet er eit innføringskurs i https://www.uib.no/studier/MAMN-FISKProfesjonsstudium i fiskehelse-akvamedisin og https://www.uib.no/studier/MAMN-HAVSJIntegrert master i havbruk (sivilingeniør). Emnet tar opp utviklinga av norsk havbruk med fokus på artane sin biologi, helse i oppdrett og samspelet med teknologi. Vidare får studentane ein introduksjon til dagens situasjon i næringa og forvaltninga, og nåtidige og framtidige perspektiv nasjonalt og internasjonalt. Miljøproblem knytta til oppdrett blir presentert og diskutert. Ei rekke inviterte forelesarar bidreg innanfor sine spesialområde. Studentane blir introduserte for aktørane i næringa og deltek i ekskursjonar til utvalde bedrifter.
Emnet introduserar kort forskinga innafor havbruk ved instituttet, kva den har betydd og betyr for næringa, pågåande forskingsprosjekt og framtidige perspektiv. Eit viktig føremål med emnet er å gje ei svært variert studentgruppe eit felles utgangspunkt for vidare studium.