Emner: BIO100 Innføring i evolusjon og økologi - Høst 2022




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i korleis evolusjon og økologi heng saman og fører til tilpassingar i populasjonar og artar, inkludert mennesket. Emnet inneheld også grunnleggjande populasjonsdynamikk, utviklinga av biologi som fagfelt og biologien si rolle i dei store globale utfordringane. Det matematiske innhaldet i kurset er knytt til populasjonsdynamikk og naturleg seleksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

 

Ferdigheiter:

 

Generell kompetanse:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel om studentane har Biologi 1+2, eller tilsvarande frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

10 SP overlapp med BIO110.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar ved UiB. Studentar som har emnet som obligatorisk eller tilrådd i sin utdanningsplan vil bli prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plasser.

Arbeids- og undervisningsformer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på første forelesning.

Vurderingsformer

Det er mappevurdering i BIO100 der karakteren er basert på to element:

1) Poeng frå individuelle testar og innleveringar undervegs i samband med gruppeundervisning (vekt 25%).

2) Ein skriftleg avsluttande skuleeksamen med fleirvalsoppgåver (3 timar, vekt 75%) som ein må bestå for å bestå emnet.

Studentar som består vurderingselement 2 får ein bokstavkarakter basert på begge vurderingselementa, vekta slik som i lista ovanfor, der progresjon kan avgjere vippetilfelle. Studentar som tidlegare har gjennomført delar av karaktergrunnlaget kan velje å ta opp eitt eller begge vurderingselementa i undervisningssemesteret (haust). Den beste presentasjonen på kvart vurderingselement nyttast til å rekne ut ny karakter. Poeng frå tidlegare semester kan bli justert om det er nivåforskjeller frå år til år, til dømes grunna vanskegrad på eksamensoppgåvene.

Vurderingselementa er gyldige i seks semester, inkludert inneverande semester.

Ta kontakt med studieseksjonen dersom gyldigheita av vurderingselementa har gått ut for å sjekke om du likevel kan ta opp emnet.

Ta også kontakt med studieseksjonen dersom du har tatt emnet med tidligare vurderingskombinasjon og ønsker å forbetre karakteren. Studenter som har tatt emnet med tidligare vurderingskombinasjon kan ta opp igjen ein eller to deleksamenar fram til og med våren 2022.

Hjelpemiddel til eksamen

Tillatne hjelpemiddel på alle vurderingselementa: kalkulator

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Høst

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/Studiekvalitetsbasen.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no