Emner: DIDANORAN1 Fagdidaktikk i norsk som andrespråk for PPU 1 - Høst 2022




Studiepoeng

7.5

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Fagdidaktikk i norsk som andrespråk inngår som ein del av universitetet si norsklærarutdanning.

Emnet skal gje ei innføring i norsk fagdidaktikk for studentar med norsk som andrespråk som undervisningsfag i den praktisk-pedagogiske utdanninga. I emnet legg ein særleg vekt på:

1) Norskfagleg innhald, kunnskap og læring i ein andrespråkskontekst

2) Språklæring og språkutvikling for elevar med ulik kulturell og språkleg bakgrunn

3) Tekstforståing og tekstskaping i ein andrespråkskontekst

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

-har kunnskap om eit breitt register av strategiar for å fremje språkkompetansen og kulturkompetansen hjå elevar med norsk som andrespråk

-har brei norskdidaktisk kunnskap med særleg vekt på den vidaregåande skulen

-har kunnskap om læreplanar og kan grunngje målsetnader i faget i eit kultur- og danningsperspektiv

-Har kunnskap om og innsikt i læringsprosessar knytt til tospråklegheit, mellomspråk og samanhengar mellom kulturbakgrunn og tekstkompetanse

Ferdigheiter

Studenten

-Kan planlegge, gjennomføre, reflektere og vurdere eiga undervisning

-Kan diskutere korleis tospråklegheit og ulike forhold til skriftkultur i ei fleirkulturell elevgruppe kan påverke arbeid i norskfaget

-Kan skape vilkår for å utvikle ein klasseromskultur som fremjar læring, utforsking og utvikling hjå elevane

-Kan vurdere lærebøker og andre læremiddel i norsk som andrespråk

-Kan gi læringsfremjande rettleiing og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar

Generell kompetanse

Studenten

-Kan formidle norsk som andrespråksproblemstillingar på eit høgt nivå

-Kan reflektere over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål

-Kan ut frå eit sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse

Krav til forkunnskapar

Må ha minimum 60 stp. i norsk som andrespråk

Tilrådde forkunnskapar

 Gode kunnskapar og dugleikar i både nynorsk og bokmål.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma er primært førelesingar i emnet. Det vil òg bli arrangert fellesførelesingar i språkdidaktikk og undervisningsverkstad. 

Emnet skal vere kopla til praksis i norsk som andrespråk.

Det er forventa at studentane er til stades på det meste av undervisninga og arbeider aktivt med lærestoffet. Organiseringa av undervisninga har det som utgangspunkt.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der det er aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Får å kunne gå opp til eksamen i DIDANORAN1 må studenten ha fått godkjent utkast til mappeoppgåve.

Det er obligatorisk å leggje fram undervisningsopplegg på undervisningsverkstad.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer: mappevurdering med to tekstar, til saman ca. 20 000 teikn (medrekna mellomrom, men ikkje medrekna litteraturliste og vedlegg).

Oppmelding til eksamen skjer samstundes med registreringa innan 1. september. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjevne på Mitt UiB. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk. 

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum tilsvarar ca. 500 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet

Emneansvarleg

Fagmiljøet i nordisk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

laerer@uib.no