Emner: ECON341 Økonometri II - Vår 2022
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Uregelmessig
Mål og innhald
Eit viktig siktemål med kurset er å gå gjennom økonometriske modellar og metodar som er mykje brukt i hovudoppgåver, men som ikkje er dekka i introduksjonskurset (ECON340). I kurset blir det gjennomgått kva ein kan oppnå med å ta i bruk dei respektive modelltypane, og kva for estimatorar som må nyttast. Statistikkprogrammet Stata blir brukt til praktiske døme.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Forståing for korleis det kan gjerast kausale slutningar basert på eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle data med relevante økonometriske metodar
- Forståing for metodar som OLS, IV/2SLS, differanse i differansar og regresjonsdiskontinuitet
- Forståing for metodar for diskret valg
- Forståing for paneldatametodar
Ferdigheiter
- Kunne handsame og analysere data i statistikkprogrammet Stata med relevante metodar som OLS, IV og 2SLS, regresjonsdiskontinuitet, diskret val og paneldataestimatorar
- Kunne rapportere resultat på en oversiktlig og forståelig måte
Kompetanse
- Kunne kritisk vurdere empiriske analyser i forskingsartiklar og andre publikasjonar
- Kunne gjennomføre egne empiriske analyser som viser forståing for moglegheiter og avgrensingar.
Tilrådde forkunnskapar
ECON340
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein obligatoriske innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
studieveileder@econ.uib.no