Emner: ENG122 Amerikansk litteratur og kultur - Høst 2022




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i og kunnskap om ulike emne innafor amerikansk litteratur og kultur frå eit historisk, sosialt, og estetisk perspektiv. Eit sentralt element i ENG122 er analyse av tekstar i hovudsjangrane prosa, poesi og drama. Desse vert undervist med auge på å utvikle studentane sine ferdigheiter i å identifisere og diskutere tematiske forhold og formelle og tematiske litterære og estetiske trekk, samstundes som ein tek opp ulike tilnærmingar til lesing og tolking.

 

Studiet har som mål å gjennom litteraturen gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og forståing av grunnleggjande premissar for utviklinga av litteraturen slik den speglar samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk.

 

Gjennom analyser av ei rekkje litterære verk vil studentane få ei forståing av dei viktigaste epokane og utviklingstrekka innanfor amerikansk litteratur og kultur, ofte i forhold til sentrale sosio-kulturelle og politiske samanhengar. Kurset har og som mål og utvikla studentens kritiske, analytiske, språklege og ferdigheiter, i tillegg til ferdigheiter innan problemløysing. Med hjelp av skriftlege og munnlege presentasjonar styrkar òg studenten sine munnlege og skriftlege ferdigheiter i akademisk engelsk. 

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten

- har ei grunnleggjande forståing av amerikansk litteratur og kultur i ein historisk kontekst

- har utvikla evna til sjølvstendig kritisk lesing av primærtekstar, grunna i analyser av litterære og ikkje-litterære tekstar

- ei forståing av tilhøvet mellom primærtekstane og dei større historiske, sosiale og politiske rammene dei høyrer til og er i dialog med

- har ei forståing av det som karakteriserer dei ulike litterære sjangrane studiet omfattar, så som roman, novelle, dikt, skodespel og ikkje-skjønnlitterære tekstar

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten

- uttrykkja kunnskapen sin om amerikansk litteratur og kultur på skriftleg og munnleg akademisk engelsk, på ein organisert og høveleg måte

- identifisere og analysere hovudtrekka i litterære verk, drama-sjangeren, og narrative teknikkar

- skildre hovudperiodane og -bevegelsane i amerikansk litterær historie og samanhengane mellom desse

- forstå tilhøvet mellom historisk-kulturelle kontekstar og tekstar

- analysera tekstar i høve til sjanger og sentrale litterære termar

- lese på tvers av ulike periodar og tema

- vise forståing for at litterære tekstar kan verte analyserte med ulike teoretiske/metodiske tilnærmingar

- bruke akademiske omgrep og metodar på ein kritisk måte

 

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten

- vise kjennskap til grunnleggjande analytiske reiskap og teknikkar

- respondere sjølvstendig og kreativt på ulike litterære verk på høveleg akademisk skriftleg og munnleg engelsk

- skildre, analysere og tolke ulike litterære tekstar

- diskutere og evaluere betydinga historiske og kulturelle kontekstar har for tolkinga av språk og tekst

- tenke og argumentere analytisk, kritisk og sjølvstendig om kursets innhald

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språkkunnskap.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ENG122 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med ENG122L.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

 

For exchange students:

Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing og seminar: opp til 72 timar.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på seminara. Studentane må vere til stades på minst 80% av seminarundervisninga.

For å kunne ta eksamen må studentane gjere ferdig og bestå to ulike obligatoriske arbeidskrav i tilknyting til seminara. Desse vil vere ein kombinasjon av ein individuell munnleg presentasjon, og/eller ein munnleg presentasjon i grupper på to eller tre studentar, og/eller respons på slik munnleg presentasjon, og/eller eit kort skriftleg arbeid i seminaret med «peer review», og/eller innleveringar av korte skriftlege arbeid på 300 ord, og/eller leing av diskusjonar i seminara. Den eksakte kombinasjonen og fristar som gjeld vert annonsert på Mitt UiB i byrjinga av semesteret. Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to semester etter dette.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er ein 5 timars skoleeksamen, der studenten blir prøva i heile pensumet.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan bruke eittspråkleg (engelsk-engelsk) ordbok på skoleeksamen. Instituttet gir nærare opplysning om kva for ordbøker som er godkjende.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Eksamen vert gitt berre i undervisingsemesteret.

Litteraturliste

Pensum omfattar litterære periodar, historiske hendingar og representative tekstar innan skjønnlitteratur og sakprosa frå 1600-talet. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no