Emner: FIL128 Innføring i etikk - Vår 2022
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Undervisningssemester
Haust.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi studentane kjennskap til nokre av dei viktigaste spørsmåla og problemstillingane som det blir arbeida med innanfor moderne etikk. Nokre døme på tema som blir handsama er: rettferd, velferd, kva moralen krev, kva slags verdi livet har, moralsk plikt og rett, og moralske ideal. I tillegg vil emnet ta opp anvendte problemstillingar knyttet til liv og død, miljø, og globale etiske utfordringar. Emnet er beregnet på alle studentar som ønskjer å styrke sin kompetanse i etikk.Det vil være relevant for studentar innanfor for eksempel miljøfag, samfunnsfag og økonomi, samt for studentar i profesjonsstudiene jus og medisin.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten ha
- oversyn over dei viktigaste retningane innanfor moderne etikk (konsekvensialisme, deontologi og dydsetikk).
- innsikt i ulike etiske grunnlagsteoriar.
- innsikt i korleis etikk kan vere relevant for å ta stilling til viktige moralske og politiske spørsmål.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- identifisere sterke og svake sider ved ulike etiske teoriar.
- bli i stand til å diskutere etikk på et høyre nivå.
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- å lese etisk faglitteratur på eit relativt høgt fagleg nivå.
- ha økt bevissthet om etiske utfordringar i eiget yrke eller profesjon
- vidare studiar i etikk og praktisk filosofi, til dømes på masternivå.
I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen obligatoriske arbeidskrav
Vurderingsformer
Studentane skal ha ei heimeeksamen på fire dagar. Eksamenssvaret skal vere på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Eksamenssvaret skal leverast digitalt.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust/Vår
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no