Emner: FIL317 Masteremne i Wittgensteinstudier - Vår 2022
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
-
Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Kurset gir ein introduksjon til filosofien til Ludwig Wittgenstein. I tillegg til å gi eit generelt overblikk over forfattarskapen gir det ein oversikt over sentrale omgrep, synspunkt og metodar i Wittgenstein sin filosofi.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
- ei generell oversikt over sentrale omgrep, synspunkt og metodar innanføre Wittgenstein sin filosofi
- forståing for likskapar og skilnadar mellom ulike innfallsvinklar og fortolkingar av Wittgenstein
- meir inngåande kunnskap om eit nærare avgrensa tema innanfor feltet
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- kjenne att sentrale posisjonar, argumentasjons- og framstillingsmåtar i Wittgensteinforskinga, og kunne formidle hovudtrekk ved dei
- finne fram til og sette seg inn i sentral litteratur om Wittgenstein sin filosofi, og formidle kunnskap om litteraturen og dei perspektiva den gir på Wittgenstein sin filosofi til eit faglig og til eit allment publikum
- reflektere over relevansen av sentrale omgrep, synspunkt og metodar innanfor Wittgenstein sin filosofi for å kunne forstå og ta stilling til aktuelle spørsmål og problemstillingar
Kompetanse:
Emnet kan vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlapper med FIL217 (Wittgensteinstudiar). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.
Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan skje individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Godkjent breiddetest
Vurderingsformer
Ei semesteroppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no