Emner: FIL319 Masteremne i vitenskapsfilosofi - Høst 2022




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Haust i partalsår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Vitskapsfilosofiemnet er opptatt av grunnleggande spørsmål om vitskap, og implikasjonane av vitskap for samfunnet. Nokre av desse sentrale spørsmåla er: Kva vert rekna som vitskap? Finst det ein vitskapleg metode, og kva er den? Er vitskaplege teoriar pålitelege kunnskapskjelder? Kva er den generelle hensikten med vitskap (om nokon)? Sjølv om det er liten einighet om svar på mange sentrale spørsmål i vitskapsteori (inkludert spørsmålet om induksjon, eller om vitskapen si evne til å fortelle oss sanne ting om den ¿uobserverbare¿ verda), vil dette kurset i vitskapsteori forsøke å gi ein generell oversikt over desse svara, og vurdere deira truverd. Det finst sterke og naturlege forbindelsar mellom vitskapsteori og andre greiner av filosofi, slik som metafysikk og epistemologi.

FIL319 skal gi studentane ein oversikt over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i vitskapsfilosofi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor vitkapsfilosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha:

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse:

Emnet kan være eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlapper med FIL219 (Vitskapsfilosofi ). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi. Studentar som ikkje har studierett ved masterprogrammet kan ta kontakt med studieveileder@fof.uib.no

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Studentene vil få tilbud om å presentere materiell i klassen, enten relevant forskningslitteratur eller eget arbeid mot slutten av semesteret. Selv om denne aktiviteten ikke er obligatorisk, og ikke vil bli vurdert, vil den hjelpe dem å forbedre sine evner til å kommunisere muntlig og presentere ideer for et publikum.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Vurderingsformer

Ei oppgåve som består i å svare på to spørsmål frå tema som blir undervist i kurset. Spørsmåla blir bestemt av faglærar.

Kvar del skal vere på ca. 2000-3000 ord, uten bibliografi. Total lengde er følgjeleg 4000-6000 ord for heile oppgåva.

Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk og skal leverast digitalt som eitt PDF-dokument i Inspera til angitt frist ved slutten av semesteret

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust/Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no