Emner: GEOV114 Innføring i geobiologi - Høst 2022
Studiepoeng
10.0Studiepoeng, omfang
10 stp
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å la studentene utforske korleis biosfæren si utvikling har ført til grunnleggande endringar i jorda sitt overflatemiljø, geokjemiske krinslaup og klima. Biosfæren er ein viktig komponent i det dynamiske systemet vi kaller geosystemet (the Earth system), og gjennom milliardar av år med biologisk evolusjon har geosystemet utvikla seg til den planeten vi er avhengige av i dag. Emnet skal formidle forståing for grunnleggande geobiologiske prosessar, dokumenterte storskala endringar, samt menneska sin plass i, og innverknad på, geosystemet.
Innhald:
Emnet er lagt opp som ei rad læringsaktiviteter der studentene arbeider med ekte data og problemløsing i samarbeid med andre. Til dømes skal studentene sjølve
- kartleggje fordelinga av sediment, bergartar og fossiler i tid og rom
- finne og talfeste masseutdøingar i jorda si historie
- utføre eksperiment som viser korleis mikrober kan påvirke overflatemiljøet på jorda
- lage ein modell av eit geobiologisk system
- diskutere årsaker til og løysingar på sentrale globale berekraftsutfordringar
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare sentrale omgrep, definisjonar og fenomen (t.d. mikrobielle metabolismar, biosfære, geologisk tidsskala, evolusjon)
- forklare korleis geo- og biosfæra kan påverke kvarandre (t.d. biogeokjemiske kretsløp)
- gi att hovudtrekka i livet si utvikling på jorda, med paleobiologiske eksempel
- diskutere korleis geobiologiske prosessar står sentralt i målet om berekraftig utvikling og løysingar på desse utfordringane
Ferdigheiter
Studenten kan
- sjølvstendig utvikle datamaskinell praksis (Python) og bruke hjelpefunksjonar og digitale ressursar til å løyse problem
- gjennomføre kvantitative analyser (t.d. estimere utdøingsratar frå globale fossildatabaser) og summere opp data og resultat grafisk
- programmere enkle numeriske modeller og diskutere dynamisk åtferd (t.d. tilbakekoplingar)
- tolke (lese og forklare) grafar og figurer med geosystemdata (t.d. tidsserier)
- lese og oppsummere relevant vitskapleg primærlitteratur, samt sitere kjelder korrekt
Generell kompetanse
Studenten kan
- finne løysingar på ustrukturerte problem i samarbeid med andre
- anvende eit presist fagspråk til å formidle vitskaplege tema skriftleg og i presentasjonar
- erkjenne, vurdere og formidle menneska si binding til og innverknad på geosystemet
- demonstrere evna til å fungere individuelt og opptre etisk i samarbeid med andre
- gjennomføre laboratoriearbeid i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer
- gjere nytte av tilbakemeldingar og reflektere over eigen læring
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
GEOV102, GEOV103, GEOV104, GEOV109, BIO100
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av læringsaktiviteter i aktivtetsbasert undervisningsrom og laboratorium.
Undervisninga vert gitt i 2- og 4-timars bolkar i 11 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på alle aktiviteter og innlevering av oppgåver.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Mappevurdering (innleverte oppgåver).
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Haust. Det er berre mogelegheit for vurderingsmelding og innlevering av mappe i dei semester emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Det Matematisk-Nautrvitenskapelige fakultet er administrativt ansvarlig for emnet
Kontaktinformasjon
Undervisar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.
Institutt
Institutt for geovitenskap