Emner: GRE103 Gresk: Attisk prosa - Vår 2022




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov.

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omfattar i første rekkje lesing av prosatekstar på den attiske dialekt frå den klassiske perioden (480-330 f.Kr.). Også tekstar på koine og attisistiske tekstar frå romersk keisartid kan inngå i studiet. Dessutan blir det gitt eit oversyn over historia til den greske litteraturen (med serleg vekt på dei forfattarane som blir lesne), ei innføring i gresk filosofi (med hovudvekt på Platon), og auka kjennskap til historie og kulturhistorie (serleg gjennom studium av kommentarar til dei tekstane som blir lesne).

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

- auka kjennskap til gresk språk og grammatikk,

- innsikt i det greske samfunnet og litteratura

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan

- lese greske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok

- identifisere former og analysere setningar på gresk ved hjelp av grammatikk.

- omsetje enkle norske setningar til gresk.

- gjere greie for viktige greske forfattarar, politikarar, og hendingar innanfor gresk litteratur og kultur.

 

Generell kompetanse

Kandidaten kan - setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk - arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Krav til forkunnskapar

GRE101 eller tilsvarande greskkunnskap.

Tilrådde forkunnskapar

Ein tilrår at eksamen i GRE102 er avlagt før studenten går opp til eksamen i GRE103.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar over delar av pensum og øvingar i praktisk språkbruk, m.a. gjennom omsetjingar frå norsk til gresk.

 

Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på 6 timar med ordbok.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok. Ordboka skal vere frå gresk til morsmål eller frå gresk til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Berg, Græsk-dansk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum er til saman på omlag 80 sider gresk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei handbok i gresk grammatikk og oversiktlege framstellingar av gresk litteratur- og filosofihistorie.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassiske fag

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no