Emner: ITØK101 Mikroøkonomi - Høst 2022




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet for kurset er å gi ei innføring i mikroøkonomisk tankegang og metode. I første delen av kurset blir studentane kjende med teorien for frikonkurranse, inkludert konsumentteori og produsentteori. Andre delen av kurset tek for seg strategisk åtferd (spillteori), enkel investeringsteori, og koplinga mellom mikroøkonomi og teknologi. Det blir gjennom heile kurset lagt vekt på praktiske bruksmåtar, og korleis mikroøkonomi kan brukast til å forstå fenomen frå verkelegheita.

Den første delen av kurset startar med ei innføring i sentrale mikroøkonomiske omgrep som etterspurnad, tilbod, marknadsprisar, rasjonalitet, likevekt, og effektivitet. Det blir gitt ei innføring i teorien om etterspurnaden til kvar enkelt konsument etter varer og tenester, samt korleis den enkelt bedrifts tilbod blir bestemd av profittmaksimering. Vidare vil ein ta for seg sentrale delar av marknadsteorien; korleis marknadsprisar blir bestemde, og om marknaden fungerer effektivt eller ikkje. Det blir lagt vekt på å karakterisera ulike typar av marknader, så som frikonkurranse, monopol og oligopol.

Den andre delen av kurset tek for seg nettverkseksternaliteter mellom konsumentar i teknologimarknader, intertemporale val slik som konsum/sparing/investering, og investeringsavgjerder under usikkerheit.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

Ferdigheiter

Kandidaten...

Generell kompetanse

Kandidaten...

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

10 studiepoeng med ECON110

Krav til studierett

Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk deltaking: Oppmøte på forelesningar (minst 80%) og på seminar (minst 67%).

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Skriftleg 4 timar eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-på-eksamenrett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innen 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet. 

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

itok@uib.no

Tlf: 55 58 92 26