Emnet har som mål å gi ei grunnleggande forståing av data som journalistisk verktøy, både i metode og i formidling. Det vil møte den stadig større etterspurnaden etter "digitale hovud" i dei redaksjonelle miljøa.
Kurset er delt i tre modular:
I modul 1 blir studentane introdusert for ulike perspektiv på datajournalistikk: om fundamentale sider ved innhenting, analyse og presentasjon av store datasett med informasjonsteknologi i journalistikken. Eit viktig fokus blir tilgangen på digitalisert informasjon, til dømes gjennom opne kjelder.
Eit stikkord for modul 2 er digital graving. Her arbeider studentane med enkel koding og enkle inngangar til det å innhente data og byggje opp databasar. Også andre former for systematisering og bearbeiding av store mengder data kan bli vektlagt, med hovudfokus på å finne samanehgnar og journalistikk i store mengder data.
Modul 3 sitt fokus er på presentasjon av datajournalistikk, gjennom digitale historieforteljingar, datavisualisering og anadre former for journalistisk presentasjon ved hjelp av digitale og datateknologiske verktøy. Det vesentlege er kunnskap om å utvikle presentasjonsformat som gir publikum mykje informasjon på kort tid når dei har trong for den.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:
Kunnskapar:
Studenten
Ferdigheiter:
Generell kompetanse:
Emnet er åpent for studenter med studierett på UiB. Emnet har 25 studieplassar. Inntil 10 studieplassar er reserverte for studentar på bachelorprogrammet i journalistikk.
Ved fleire søkjarar enn plassar vert studentane rangert etter tidspunkt for søknad.
Søknadsfrist er fredag uke 33
Ei oppgåve - individuelt eller i gruppe - pr. modul.
Nærmare spesifiksjon blir gitt ved oppstart av kurset.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.