Emner: KOPRA102 Læringsprosesser - Høst 2022
Studiepoeng
0.0Studiepoeng, omfang
0
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Praksisskular og UiB
Mål og innhald
Emnet skal øva studentane i å reflektera over undervisning i skulen ut frå pedagogisk og fagdidaktisk perspektiv. Studentane skal i hovudsak følgje undervisning i det dei har som fag1 i 5LU. Dei skal delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning. Vidare skal dei sjølve planleggje og gjennomføre minst ein læringsaktivitet med ein klasse eller ei gruppe elevar. Studentane skal også utdjupe observasjonsferdigheitene sine og få øving i intervju som metode.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan:
- har kunnskap om displinfaglæraren sine ulike roller og arbeidsoppgåver
- har kunnskap om undervisning og læring og kan sjå dette i lys av praksis, og pedagogisk og fagdidaktisk teori.
Ferdigheiter
Studenten kan:
- kan planleggje og gjennomføre korte læringsaktivitetar med elevar.
- kan ha faglege samtalar om fag og pedagogikk med elevar og lærerar.
- kan nytte observasjon og intervju som metode i ulike settingar i skulen for bruk i eige utviklingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten kan:
- kan reflektere over undervisningsmessige utfordringar i lys av praktiske døme.
- kan delta i skulesamfunnet og kommunisere med elevar og lærar.
Krav til forkunnskapar
KOPRA101
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ein må ha studierett på eit av UiB sine lektorutdanningsprogram.
Arbeids- og undervisningsformer
- Praksis vert gjennomført både på campus og ved ein praksisskule.
- MN-studentar: Totalt 7 praksisdagar. I skulen: 5 dagar. Forarbeid: 1 dag. Etterarbeid: 1 dag
- HF-studentar: Totalt 8 dagar. I skulen: 5 dagar. Forarbeid: 1 dag. Etterarbeid: 1 dag. Refleksjonsoppgåve: 1 dag
- SV-studentar: Totalt 8 dagar. I skulen: 5 dagar. Forarbeid: 1 dag. Etterarbeid: 1 dag. Refleksjonsoppgåve: 1 dag
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- 100 % oppmøte i praksis inkludert for- og etterarbeid.
- Gjennomføre og planleggje minst éin læringsaktivitet
- Gjennomføre eit intervju med ein elev/lærar.
- Loggføring for alle praksisdagar.
- Obligatoriske arbeidskrav i KOPRA102 er berre gyldige i eit semester.
Vurderingsformer
Praksis
Vurdering av deltaking og gjennomføring av minst ein læringsaktivitet i praksis vert gjort av rettleiar i skulen.
Vurdering av studenten sin faglege refleksjon over erfaringar frå praksis vert gjort av fagdidaktikarar og pedagogar ved UiB.
Karakteren vert fastsett på grunnlag av ei samla vurdering av punkta over.
Hjelpemiddel til eksamen
.
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Det humanistiske fakultet
Det samfunnsvitskapelege fakultet
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Lektorsenteret
Kontaktinformasjon
Kontakt administrasjonen på lektorpraksis@uib.no