Emner: KOPRA103 Planlegging og evaluering av undervisning - Vår 2022
Studiepoeng, omfang
Ingen
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Praksisskular og UiB.
Mål og innhald
Emnet skal gje erfaring med undervisning sett frå eit pedagogisk og fagdidaktisk perspektiv. Emnet skal gje innblikk i kva rolle læremiddel og læreplanar speler i undervisninga, og tilhøvet mellom undervisning og læring.
Studentane skal planleggje, prøve ut og evaluere aktivitetar i faga sine med utgangspunkt i læreplanar, og vere i stand til å reflektere over eigen praksis.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskapar om yrkesetiske problemstillingar
- har kunnskap om bruken av ulike typar læremiddel.
- har kunnskap om vilkår og føresetnadar for elevane si læring i fag.
Ferdigheter:
Studenten kan
- planleggje, gjennomføre og evaluere ei undervisningsøkt med utgangspunkt i læreplan og kompetansemål i faget.
- kritisk vurdere bruken av ulike typar læremiddel i forskjellige læringskontekstar.
- nytte informasjon henta inn gjennom ulike undersøkingar til å reflektere over eiga undervisning og elevane si læring i fag.
Generell kompetanse:
Studenten:
- kan reflektere over korleis læremiddel og læreplanverk set rammer for undervisning og korleis dette verkar inn på lærarrolla og elevane si læring
Krav til forkunnskapar
KOPRA101 og KOPRA102
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ein må ha studierett på eit av UiB sine lektorutdanningsprogram.
Arbeids- og undervisningsformer
- Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
- MN-studentar: Totalt 7 dagar Forarabeid: 1 dag Etterarbeid: 1 dag
- HF-studentar: Totalt 12 dagar I skulen: 8 dagar Forarbeid: 1 dag Etterarbeid: 1 dag Temaseminar: 2 dagar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- 100 % oppmøte i praksis. Sjå arbeids- og undervisningsformer, over.
- Planleggje, gjennomføre og evaluere to til fire undervisningsøkter med ein klasse.
- Loggføring for alle praksisdagar.
Vurderingsformer
Praksis
Vurdering av deltaking i praksis og gjennomføring av undervisningsøktene vert gjort av rettleiar i skulen.
Vurdering av studenten sin faglege refleksjon over erfaringar frå praksis vert gjort av fagdidaktikarar og pedagogar ved UiB.
Karakteren vert fastsett på grunnlag av ei samla vurdering av punkta over.
Hjelpemiddel til eksamen
.
Karakterskala
Greidd/Ikkje greidd
Vurderingssemester
Haust.
Litteraturliste
.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
Det humanistiske fakultet
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet
Programrådet for lektorutdanning er emneansvarlig for KOPRA103.
Administrativt ansvarleg
Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet
Kontaktinformasjon
Kontakt administrasjonen på laerer@uib.no