Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner til sentrale trekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur frå mellomalderen til og med 1750
- har grunnleggjande forståing av samspelet mellom kunst og religion i mellomalderen, og av korleis vitskap og optiske teknologiar og teoriar tek ein sentral plass innan kunsten frå og med renessansen
- har basiskunnskap om utviklinga av kunsthistoria som disiplin
Ferdigheiter
Studenten:
- kan nytte kunsthistorisk metode til å analysere og reflektere over spørsmål kring kunst og visuell kultur frå mellomalderen til og med 1750
- kan reflektere over kunstverk frå perioden som leier fram ei rimeleg datering av verka
- kan nytte ei vitskapeleg tilnærming i drøftingar om visuell kultur frå mellomalder til og med 1750
- kan formidle kunnskapen sin munnleg og skriftleg for eit generelt publikum, på ein akademisk måte
- kan nytte verktøy for analyse av bilete og arkitektur og kjenne att romkonstruksjonar i bilete med utgangspunkt i ulike visuelle teknologiar
- kan utføre ikonografisk analyse av sentrale verk
Generell kompetanse
Studenten
- er i stand til å nytte fagområdet sine uttrykksformer i sjølvstendig arbeid med sentrale faglege problemstillingar
- kan formidle sentralt fagleg stoff om kunsthistoria frå mellomalderen til og med 1750 både skriftleg og munnleg
- kan utveksle eigne synspunkt og erfaringar med dei som har lik eller liknande fagleg plattform i høgare utdanning
- kan tenkje kritisk-analytisk om faglege spørsmål