Emnet har som mål å gi ei detaljert innføring i dei sentrale komponentane i manushandverket gjennom forelesingar om, og analysar av, generelle manuskonvensjonar og konkrete manuskript. Desse innsiktene og ferdigheitene skal så omsetjast i, og videreutviklast gjennom, eiga skriving.
Undervisinga er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg stab og høgt kvalifiserte gjesteforelesarar. Emnet består av fire modular.
Modul 1: Konseptet, kjernen og drivkrafta i forteljinga:
Denne modulen handlar om å utvikle studenten si evne til å finne og spisse ideen til ein serie. Her lærer studenten òg om tematikk og undertekst.
Modul 2: Dramatisk struktur:
Denne modulen handlar om ulike narrative konvensjonar innan webseriar, miniseriar, episodiske seriar, serialisert fleirsesongdrama og såpeopera. Her lærer studenten om skilnader i dramaturgiske prinsipp og arbeidsmetodar innan ulike serieformat, og meir generelt om skilnadene mellom manusutvikling for serieformat og spelefilm. Studenten skal òg lære om korleis ein praktisk strukturerer manusarbeidet i ulike typar serieproduksjonar. Hovudvekta ligg på fiksjon, men dokumentariske seriar blir også tematiserte.
Modul 3: Element i manusutvikling:
Denne modulen tek for seg fem sentrale, meir avgrensa, komponentar i arbeidet med manus
Sjølv om undervisinga er strukturert rundt ulike tema, vil dei i praksis i stor grad gripe inn i kvarandre, og peike fram mot tema som blir behandla meir inngåande andre semester.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap og ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
3 skriveøvingar - innhald og omfang av desse vert spesifisert av faglærar ved semesterstart. Ei av desse vil kunne realiserast av førsteårsstudentane ved BA-programmet i TV-produksjon.
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har inga tidsavgrensing.
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.