Emner: MEVI103 Medieestetikk: Fortolkning og analyse - Høst 2022




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Den moderne digitale bildekulturen er gjennomgripande for samfunnet vi lever i, frå det estetiske til det politiske feltet. Det visuelle formar det sosiale livet men blir på same tid sjølv forma av det. Konsekvensane av denne komplekse vekselverknaden er eit hovudtema for studiar av medietekster og av den visuelle kulturen, som omfattar heile spekteret av bilder frå måleriet og fotografiet til film, fjernsyn, video, og dataspel. Målet med dette emnet er å gi studentane kunnskapar om ulike medium, tekstar, sjangrar, og fortolkingstradisjonar i den visuelle kulturen. Emnet gir ei brei innføring i sentrale medieteoretiske og kunstvitskaplege omgrep og spørsmål knytta til analyse og forståing av den visuelle mediekulturen sine ulike representasjonsformer. Omgrep og tema som blir belyste i emnet inkluderer mellom anna representasjon, visualitet og blikk, bildeteknologiar, identitet, kjønn og etnisitet, realisme, modernisme, makt og bilder, urbanisme og globalisering, vitenskapsbilder, og økologi og aktivisme. Emnet gir også ei innføring i humanistiske tilnærmingar og metodar som hermeneutikk, semiotikk, narratologi, filmteori og allmenn bildeteori.

Læringsutbyte

Studenten skal etter avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på MEVIX100. Studentar som ikkje har MEVIX100 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG).

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av førelesingar og seminarmøter.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i seminargrupper (80%). Presentasjon av en pensumtekst for seminargruppa, og ei seminaroppgåve på mellom 2000 og 2500 ord. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Ein 7 dagars heimeeksamen. Heimeeksamen skal ha eit omfang på om lag 3500 ord.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

studieveileder.media@uib.no