Emner: MEVIX100 Introduksjon til media og kommunikasjon - Vår 2022




Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Våre liv og våre samfunn er gjennomsyra av media. Få område er urørt av mediene si formidling, dei spelar ei viktig rolle i daglegliv, samfunnsliv og arbeidsliv. Dette emnet introduserer medier og kommunikasjon som eit fagfelt i skjeringspunktet mellom samfunnsfag og humanistiske fag. Emnet introduserer medievitskapen ved å ta føre seg aktuelle spørsmål om medias rolle for populærkultur, identitet, politikk, sosiale nettverk, eller medier og makt, og vise korleis samfunnsvitskaplege og humanistiske tenkjemåtar kan nyttast for å forstå desse spørsmåla. Emnet gjev ei innføring i akademisk skriving og praktisk trening i dette. Undervisninga inkluderer forelesningar, seminar og temadagar og praktiske oppgåver i medieproduksjon. Emnet er sterkt tilrådd i første semester på bachelorgraden i medier og kommunikasjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Studentar på årsstudium i medier og kommunikasjon og bachelorprogram i medier og kommunikasjon vert prioritert. Andre studenter kan søke instituttet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i form av førelesingar, seminar og workshops.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i seminargrupper/workshops (80%) og godkjente seminaroppgåver. Seminaroppgåvene kan være både skriftlege eller munnlege, og kan romme praktiske øvingar i medieproduksjon eller formidling. Godkjende arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

Metodeoppgåva kan vere ein revidert versjon av seminaroppgåver studentane har fått tilbakemeldingar på. Det større arbeidet vil normalt vere ei analyse- eller drøftingsoppgåve på om lag 4000 ord, som vert fullført mot slutten av semesteret. Alle innleveringar er individuelle.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisninssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

studieveileder.media@uib.no