Emner: MOL103 Genstruktur, - funksjon og applikasjoner - Vår 2022
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Laveregradsemne
Fulltid/deltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptakethttp://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Frist for å melda seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.
Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk, du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.
Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gi ein detaljert forståing av molekylære strukturar, funksjonar og applikasjoner av det genetiske materiale i prokaryote og eukaryote celler. Innføring i bioetikk.
Innhald:
Dette emnet omhandlar struktur av DNA, RNA og kromatin og korleis vedlikehald av genom gjennom replikasjon, reparasjon og rekombinasjon vert utført så vel som korleis uttrykk av genom gjennom kromatin modifiseringar, genregulering, transkripsjon, RNA spleising og translasjon skjer. Genteknologiske metodar og applikasjoner av genetiske analyser vil blir gjennomgått. Bioetikk vil be diskutert.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare DNA struktur og topologi, RNA struktur, kromatinorganisering og -modifisering med vekt på funksjon i regulering av gener
- kan forklare detaljert om replikasjon, transkripsjon og translasjon
- kan forklare rekombinasjon og korleis DNA-skader oppstår, korleis dei vert kjende att og reparererte
- kan forklare detaljert om molekylære mekanismar i genregulering på alle nivå
- kan samanlikne molekylære mekanismar i genregulering i pro- og eukaryote organismar
- kan oppdatere sin kunnskap innan molekylærbiologi
- Kan forklare ulike bruk av genteknikker, genetiske analyser og bioteknologi
- kan forklare grunnprinsipper i immunologi og vaksinologi
- kan reflektere over etiske problemstillinger knyttet til bruk av molekylærbiologisk forskning og applikasjoner
Ferdigheiter
Studenten
- meistrar å formidle om DNA og RNA struktur og funksjon
- meistrar å samanlikne molekylære mekanismer i genregulering for å vise likskapar og skilnadar mellom prokaryote og eukaryote organismar
- kan redegjere for grunnprinsippar innen immunologi of vaksinologi
- redegjere for etiske problemstillinger ved bruk av genteknologi og applikasjoner
Generell kompetanse
Studenten
- Kan formidle gen-struktur, funksjon, regulering og applikasjoner
- Kan reflektere over etiske problemstillinger ved bruk av genteknologi
Krav til forkunnskapar
MOL100
Tilrådde forkunnskapar
MOL221
Studiepoengsreduksjon
MOL203; 0sp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og at du oppfyller eventuelle opptakskrav.https://www.uib.no/matnat/52646/studere-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet
https://www.uib.no/matnat/52646/studere-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultethttps://www.uib.no/matnat/52646/studere-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar, kollokvier og gruppearbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To obligatoriske kollovia.
En skriftlig innlevering
Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgende semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før en kan ta eksamen.
Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk.
Vurderingsformer
Midtsemestervurdering (2t) (30% av karaktergrunnlaget) og skriftleg slutteksamen (4t) (70% av karaktergrunnlaget). I semester med undervisning må alle eksamener være fullført, og obligatorisk aktivitet godkjent, for å få karakter i emnet. I semester uten undervisning kan studenten avlegje skrifteleg eksamen dersom dei har gyldig obligatorisk aktivitet, resultatet frå endelegskrifteleg eksamen utgjer karaktergrunnlaget (100%).
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlisten skal være klar 1. juni for høstsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for Biovitenskap
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, mailto:studie@bio.uib.nostudie@bio.uib.no
Kontaktinformasjon
Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, mailto:studie@bio.uib.nostudie@bio.uib.no