Emner: MTEK330 Kvalitetssikring av kjemiske analyser - Vår 2022




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.

 

Undervisningsstad

Havforskningsinstituttet.

Mål og innhald

Det primære målet med kurset er å gjøre studentane i stand til å utvikle kvalitetssikra analytiske metodar eigna for føremålet. Studentane skal og kunne vurdere kvaliteten på analyseresultat og analytiske metodar basert på eigne vurderingar om den analytiske metoden og kvaltetssikringsdata. I tillegg får studentane anvendt det dei har lært ved å utarbeide ein valideerings-/verifiseringsplan og gjennomføre typiske trinn i ei kjemisk analyse, som prøvetaking, prøveopparbeiding, instrumentell analyse og rapportering, slik at ein skal forstå korleis kvart enkelt trinn bidrar til uvisse i det endelege resultatet. Studentane vil få innsikt i validering og kvalitetssikring av kjemiske analysemetodar samt sporevne og uvisse av analyseresultat. Laboratorieøvingane brukar moderne analytisk instrumentering og blir gjennomført på eit akkreditert analyselaboratorium.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avsluttande emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

KJEM110

Tilrådde forkunnskapar

KJEM130, KJEM120, KJEM250

Studiepoengsreduksjon

BIO306 (10 stp)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratorieøvingar og andre oppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurderingsformer

Munnleg eksamen utgjer 100% av karakteren.

Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar og obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart vårsemester.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

 

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.