Emnet gir overblikk over relevant teori i arbeid med barn og unge. Kurset gir også oversikt og innblikk i lover og retningslinjer som regulerer arbeidet. Det blir dessutan gitt innføring i forsking og forskningsmetoder som er aktuell for feltet.
Praktisk-metodiske arbeidsmåtar
Kurset inneheld innføring og bruk av arbeidsmåtar knytt til dei ulike områda og målgruppene som inngår i kurset. Dette gjeld bruk av individuelle og miljøorienterte tilnærmingar. Studentane skal lære grunnleggjande ferdigheiter i høve til ulike musikkterapeutiske arbeidsprosessar knytt til feltet barn og unges oppvekst.
Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten¿
- har kunnskap om ulike målgrupper, målsetjingar, modellar og arbeidsmåtar innan feltet barn og unges oppvekst
- har kunnskap om en bredde av teoretiske perspektiv på barn og unges oppvekst
- har kunnskap om tverrfagleg samarbeid og innsikt i systemarbeid i arbeid med barn og unge
Dugleikar
Studenten¿
- har tileigna seg eit relevant praktisk-metodisk repertoar
Generell kompetanse
Studenten¿
- har forståinga av kva det vil seie å arbeide med eit variert utval av målgrupper innan feltet barn og unges oppvekst.
Undervisninga blir gitt som førelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid og diskusjonar med fokus på å tileigne seg, prøve ut, få rettleiing på og vidareutvikle praktisk-metodisk dugleik og teoretisk kunnskap i musikkterapi med barn og unge innan relevante målgruppar.
All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs;
- Innlevering av to tekstar som danner grunnlag for semesteroppgaven:
- Ei innlevering tidleg i semesteret, på ca. 2 sider, som beskriver et tema og en foreløpig problemstilling for semesteroppgava.
- Ei innlevering på ca. 4 sider seinere i semesteret som retter seg mot semesteropp.gåva som heilheit.
- Rettleiing av semesteroppgåve, totalt 1,5 timar per student.
- Ei praktisk-metodisk arbeidsbok skal utarbeidast. Omfanget av arbeidsboka skal vere omlag 10 songar eller 10 aktivitetar.
Fråvær på meir enn 20 % i ein eller fleire av komponentane i emnet fører normalt til tap av eksamensrett.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.