Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar: Studentane..
- Har avansert kunnskap om medisinsk ernæringsbehandling ved komplekse ernæringsrelaterte problemstillingar og kritisk sjukdom.
- Har avansert kunnskap om dei metabolske endringane som oppstår ved sjukdom og korleis desse påverkar pasientens ernæringsbehov.
- Har avansert kunnskap innanfor diagnosespesifikk ernæringsbehandling av sjukdommar innan innan gastro, lever- og pancreas, endokrinologi, hjarte-kar, lunge, nyre, revmatologi, nevrologi samt kreft, kritisk sjukdom og geriatri.
- Kan anvende kunnskap om patofysiologi for dei viktigaste sjukdommane innan gastro, lever- og pancreas, endokrinologi, hjarte-kar, lunge, nyre, revmatologi, nevrologi samt kreft, kritisk sjukdom og geriatri.
- Har kunnskap om sosiale og helsemessige problemer inkludert omsorgssvikt, vold, overgrep, rus- og sosioøkonomiske problemer og kunne identifisere og følge opp mennesker med slike utfordringer. Kandidaten skal kunne sette inn nødvendige tiltak og/eller behandling, eller henvise videre ved behov.
- Har inngåande kunnskap om pasientforløp.
Ferdigheiter: Studentane..
- Kan analysere eit samansett sjukdomsbilete og gje tilpassa og målretta medisinsk ernæringsbehandling.
- Kan bruke kunnskap om immunforsvaret for å gje ernæringsbehandling ved infeksjonssjukdom og autoimmun sjukdom.
- Kan bruke innsamla informasjon og samanlikne med kriterium, anbefalingar og retningslinjer, og anvende dette til å stille ein ernæringsdiagnose.
- Kan bruke kunnskap om ernæringskartlegging og diagnose til å gjennomføre ein ernæringsintervensjon.
- Kan bruke relevante medisinske ernæringsprodukt, derunder val og dosering av næringsdrikkar, sondeernæring og intravenøs ernæring.
Generell kompetanse: Studentane..
- Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å gjennomføre ernæringsbehandling for vaksne pasientar.
- Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å utarbeide og oppdatere prosedyrar og rutinar ved ernæringsrelaterte tilstandar og sjukdommar.
- Kan formidle kunnskapsbasert praksis om kosthald og ernæring til pasientar, brukarar, pårørande og andre helseprofesjonar på ein vitskapeleg men lettforståeleg måte.
- Kan analysere, reflektere over og handtere etiske problemstillingar i sitt arbeid som klinisk ernæringsfysiolog i tråd med yrkesetiske retningslinjer.
- Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å jobbe som klinisk ernæringsfysiolog i samsvar med akademisk standard.
- Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å drive kunnskapsbasert ernæringspraksis.
- Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å reflektere over eiga rolle og praksis som klinisk ernæringsfysiolog, også i tverrfaglege team.