Emner: PEDA121 Læreren i klasserommet - Høst 2022




Studiepoeng

5.0

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Emnet har som overordna mål å gje studentane innsikt i læraren si verksemd i klasserommet. 

Studentane vil få ei innføring i allmenndidaktiske perspektiv på undervisning, med vekt på å gjere synleg ulike omsyn  læraren må vurdere og balansere opp mot kvarandre. Vidare vil emnet gje eit oversyn over sentrale perspektiv på klasseleiing og teoretisk forståing for ulike vurderingspraksisar.  

I emnet vil studentane verte presenterte for teoriar om læring og teoriar om motivasjon, og få reflektere over korleis teoriane tilbyr forskjellige ståstader for korleis ein forstår god undervisning og kva som skaper eit godt læringsmiljø i klasserommet.

Studentane får øving i å bruke intervju som metode for å få innsikt i elevar og lærarar sine erfaringar med undervisning og læring.

Gjennom deltaking i emnet vil studentane få øve opp dygder som leiarskap, kreativitet og organisatoriske evne.

Emnet er knytt til kortpraksisemnet https://www.uib.no/nb/emne/KOPRA102KOPRA102, og det er forventa at studentane tek dette emnet parallelt med PEDA121.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskapar:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

PEDA120 

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på 5-årig lektorutdanning

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminar i mindre grupper. Det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara.

Studentane skal i løpet av semesteret skrive ei semesteroppgåve. Kvar student har tilbod om 1 time individuell rettleiing på eit utkast til oppgåva. I tillegg skal studentane gje tilbakemelding på semesteroppgåveutkasta til kvarandre.

Førelesingar: 5 x 2 timar

Seminar: 5 x 2 timar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminar i mindre grupper. Det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara. Studentane skal i løpet av semesteret skrive ei semesteroppgåve. Kvar student har tilbod om 1 time individuell rettleiing på eit utkast av denne. I tillegg skal studentane gje tilbakemelding på semesteroppgåveutkasta til kvarandre.

 

Førelesninger: 5 à 2 timar

Seminar: 5 à 2 timar

Seminar f/e praksis: 2 à 3 timar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

Det humanistiske fakultet

Det samfunnsvitenskapelege fakultet

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultet

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet