Emner: PRPSYK302 Utviklingspsykologi - Vår 2022




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal tileigne seg eit prosessperspektiv på menneskets utvikling gjennom livsløpet. Dette inneber at studentane skal kunne integrere utviklingspsykologi til ei heilskapleg prosessforståing av utvikling som føregår i og mellom individ gjennom heile livsløpet.

Tema 1: Utviklingspsykologi-teori

 

Sjølvbiografi (forpraksis) Studentane skal skrive ein sjølvbiografi som blir lesen av ein ekstern psykolog. Ekstern psykolog gir tilbakemelding.  

Observasjon som metode i profesjonsutøving og forsking (forpraksis) Det blir gitt grunnleggande opplæring i å gjennomføre naturalistiske observasjonar med fokus på bruk av desse metodane både i praktisk profesjonsutøving og forsking.

 

Tema 2: Emneoppgåve / Artikkeloppgåve Halve kullet skal skrive ei emneoppgåve i utviklingspsykologi i grupper på tre eller fire. Tema vil vere mest mogeleg sjølvvalt innan utviklingspsykologi. Studentane skal skrive teoretiske oppgåver, med mindre anna er avtalt. Hensikta med emneoppgåva er å gi studentane høve til å fordjupe seg i utviklingsprosessar. Innhaldet i emneoppgåva skal reflektere den prosesstenkinga som er eit kjernepunkt i undervisninga. Studentane får skriftlig tilbakemelding frå rettleiar på oppgåva. I vurderinga vil det bli lagt vekt på bruk av både teori og empiri for å svare på faglege problemstillingar.

Den andre halvparten av kullet skal skrive ei artikkeloppgåve i utviklingspsykologi i grupper på tre eller fire. Studentar som skriv artikkeloppgåve i PRPSYK302, skal skrive ei emneoppgåve i PRPSYK304, og vice versa. I artikkeloppgåva skal studentane vurdere to eller tre artiklar om eit utviklingspsykologi-tema opp mot kvarandre, og det blir lagt inn krav om både teori og empiri i oppgåva. Hensikta med artikkeloppgåva er at studentar skal få fagleg rettleiing i kritisk lesing av artiklar. Studentane får tilbakemelding frå rettleiar på oppgåva.

Alle oppgåvene i emnet skal skrivast i APA-stil. I samband med emne- og artikkeloppgåva blir det også gitt ein introduksjon til bibliotekressursar og til søk i elektroniske databasar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne kan studenten:

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet må vere bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

6-timars skuleeksamen.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar innan 1. juni i Leganto. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykololgiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultet

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet