Emner: PSYK113 Innføring i metode - Høst 2022
Studiepoeng
5.0Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar.
Emnet skal også gje ei innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til psykologifaget.
Emnet skal formidle forståing for psykologiske forskingsmetodar. Studentane skal ha grunnleggande kunnskapar om psykologiske omgrep og operasjonalisering av desse, variabelomgrepet og målingsproblematikk. Dei skal også ha grunnkunnskapar om eksperimentelle design og ymse ikkje-eksperimentelle metodar som blant anna kasusstudiar og surveymetodar.
Innhald:
Emnet Innføring i metode skal gje studentane ferdigheiter i å forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design. Studentane skal også få kunnskapar om forhold som operasjonalisering, reliabilitet, og validitet. De vil også få kunnskapar om ulike typar ikkje-eksperimentelle og eksperimentelle design.
Psykologiens vitskapsteori
Det blir gitt ei grunnleggjande innføring i psykologiens kjenneteikn som samfunnsfag og naturvitskap samt vitskapsfilosofiske problemstillingar knytta til psykologien. Dette inkluderer presentasjonen av demarkasjonsproblemet samt ei innføring i kjenneteikn, fordeler og ulemper ved ulike metodar som nyttas i psykologisk forsking som kasusstudiar, testar og eksperimenter.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten ..
- skal ha kjennskap til kva som meinast med litteratursøk, hypotese/problemstilling, operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet
- skal kjenne til ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasusstudiar, arkivstudiar, surveymetodar, feltmetodikk og intervju)
- skal ha kunnskap om psykologien sine kjenneteikn som samfunnsfag og naturvitskap
- kjenner til demarkasjonsproblemet (kva er vitskap?) med særlig blikk på falsifikasjonsprinsippet, operasjonalisme og essensialisme
- kan gjere greie for problema med ulike forskingsmetodar, årsaksomgrepet, korrelasjonsomgrepet og omgrepet «sannsynlig» (eng. probability) i psykologien
- kan greie ut om forholdet mellom intuitiv psykologi (til dømes implisitt psykologi, parapsykologi) og vitskapeleg psykologi.
- kan gje døme på kvalitative forskingsmetodar
Ferdigheiter:
Studenten ..
- kan redegjøre for kjennetegn ved vitenskapelig litteratur
- kan forklare kva eit vitskapeleg paradigme er.
- kan gje ein generell oversikt over etiske dilemma ved forsking.
- kan greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design.
- skal kunne gjøre rede for forholdet mellom eit utval og ein populasjon
- kan greie ut for kva som kjenneteiknar vitskapeleg psykologi og vitskapeleg metode innan psykologien (demarkasjonsproblemet, falsifikasjonsprinsippet).
- kan diskutere fordeler og ulemper ved kasusstudiar, testar og eksperimenter (årsaksomgrepet, korrelasjonsomgrepet, generaliseringsproblemet).
- kan peike på føremoner og ulemper ved kvalitative metodar
Generell kompetanse
- kan gjere greie for grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar
- har ein grunnleggjande forståing for kva som kjenneteiknar vitskapeleg psykologi til skilnad frå folkeleg psykologi, vitnesbyrd, parapsykologi eller liknande
- kan redegjøre for grunnleggende trekk ved kvantitativ psykologisk forskning
- kan peike på grunntrekk ved kvalitativ psykologisk forsking
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
EXFAC03P + PSYK113 = 2 studiepoeng i reduksjon
PSYK102 + PSYK113 = 3 studiepoeng i reduksjon
PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar i metode 9 x 2 timar, totalt 16 timar.
Seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
3 timars skuleeksamen der studentane skal svare på 1 av 2 oppgåver i vitskapsteori og 1 av 2 oppgåver innan kvantiativ og kvalitativ metode. På eksamen må ein svare tilfredstillande på begge oppgåver for å greie eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
A-F.
Fagleg overlapp
EXFAC03P + PSYK113 = 2 studiepoeng i reduksjon
PSYK102 + PSYK113 = 3 studiepoeng i reduksjon
PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Kontaktinformasjon
https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet
Institutt
Institutt for samfunnspsykologi.