Emner: PSYK113 Innføring i metode - Vår 2022




Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar.

Emnet skal også gje ei innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til psykologifaget.

Emnet skal formidle forståing for psykologiske forskingsmetodar. Studentane skal ha grunnleggande kunnskapar om psykologiske omgrep og operasjonalisering av desse, variabelomgrepet og målingsproblematikk. Dei skal også ha grunnkunnskapar om eksperimentelle design og ymse ikkje-eksperimentelle metodar som blant anna kasusstudiar og surveymetodar.

Innhald:

Emnet Innføring i metode skal gje studentane ferdigheiter i å forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design. Studentane skal også få kunnskapar om forhold som operasjonalisering, reliabilitet, og validitet. De vil også få kunnskapar om ulike typar ikkje-eksperimentelle og eksperimentelle design.

Psykologiens vitskapsteori

Det blir gitt ei grunnleggjande innføring i psykologiens kjenneteikn som samfunnsfag og naturvitskap samt vitskapsfilosofiske problemstillingar knytta til psykologien. Dette inkluderer presentasjonen av demarkasjonsproblemet samt ei innføring i kjenneteikn, fordeler og ulemper ved ulike metodar som nyttas i psykologisk forsking som kasusstudiar, testar og eksperimenter.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten ..

Ferdigheiter:

Studenten ..

Generell kompetanse

 

 

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

EXFAC03P + PSYK113 = 2 studiepoeng i reduksjon

PSYK102 + PSYK113 = 3 studiepoeng i reduksjon

PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar i metode 9 x 2 timar, totalt 16 timar.

Seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

3 timars skuleeksamen der studentane skal svare på 1 av 2 oppgåver i vitskapsteori og 1 av 2 oppgåver innan kvantiativ og kvalitativ metode. På eksamen må ein svare tilfredstillande på begge oppgåver for å greie eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F.

Fagleg overlapp

EXFAC03P + PSYK113 = 2 studiepoeng i reduksjon

PSYK102 + PSYK113 = 3 studiepoeng i reduksjon

PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi.