Emner: RUS131 Russisk litteratur I - Høst 2022




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

Norsk, russisk og evt. engelsk ved behov.

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet skal gje fordjupa innsikt i russisk kultur med hovudvekt på russisk litteratur, og gje viktig akademisk skrivetrening.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

RUS100, eller forkunnskapar som svarar til dette emnet. 

Tilrådde forkunnskapar

RUS120 og RUS121 eller forkunnskapar som svarar til desse emna. 

Studiepoengsreduksjon

Full overlapp med RUS114

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i RUS131 går normalt over 9 veker frå veke 39 med 4 timar i veka. Undervisningsforma er førelesningar og tekstgjennomgang. I veke 36 - 38 får studentane ein tilrådd leseplan.

Pga. koronasituasjonen og koordinering med (digitalt) RUSPZ132 vil undervisninga hausten 2021 gå i 9 veker frå veke 36. Digitale innleveringar og munnlegundervisning vert tilpassa dette opplegget.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte til minst 70% av undervisninga

2) Innlevering av oppgaveutkast på 1,5 - 2 sider

3) Oppmøte til obligatorisk rettleiing i samband med skriving av heimeoppgåva

 

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret. 

Vurderingsformer

Mappevurdering. I mappevurderinga inngår ei rettleid heimeoppgåve og ei skriftleg tekst- og kunnskapsprøve. Heimeoppgåva, som er på om lag 2000 ord, skal skrivast på norsk og leverast til fastsett tid. Alle delane av mappa må vere greidd i undervisningssemesteret. Mappa får ein samla karakter. Eksamen blir arrangert berre i undervisningssemesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust. Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Pensum omfattar eit utval primærtekstar på russisk og sekundærlitteratur som skal danne grunnlag for kunnskapsprøva og skriving av essayet. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.  

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt

Institutt for fremmedspråk