Emner: SANT104 Kultur, mening og kommunikasjon - Høst 2022




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust  

Mål og innhald

I sosialantropologien er det sentralt å forstå sosiale handlingar og hendingar i lys av dei ulike meiningar folk tilskriv dei. Kultur er eit sentralt omgrep i faget, og emnet gjer greie for ulike sosialantropologiske perspektiv på kulturell meining både på personnivå og som ein kollektiv, sosial storleik. Emnet tek for seg nokre temaområde der meiningsdimensjonen vert særs synleg, slik som ordninga av røynda (klassifikasjon), grunnleggjande verdsåskoding (kosmologi), teikn og kommunikasjon, forvalting av kunnskap, religiøse førestellingar og konstruksjonar av tid og historie (sosialt minne). Det vert lagt særskilt vekt på å forstå meining som sosial praksis, det vil seie korleis røyndomsorienteringar skapast, vert halde ved like og utfordra gjennom sosialt liv, og korleis produksjon av meining er vevd inn i sosiale relasjonar, økonomiske transaksjonar og utøving av makt. Praksisar metta med meining, slik som ritual, seremoniar, hekseri, magi og åndeinntrenging er difor sentralt i emnet, men emnet tar og opp meiningsaspekt ved estetikk og relasjonar mellom menneske og det ikkje-menneskelege.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SANT100, SANT150

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar

 

Arbeidsgrupper, 2 timar per veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgande obligatoriske aktivitetar:

Aktivitetene må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Godkjende aktiviteter er gyldige i inneverande og påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skuleeksamen 8 timar

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F 

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB. 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.  

Kontaktinformasjon

studieveileder@sosantr.uib.no

55 58 92 50 / 55 58 94 51