Målsetjinga for emnet er å gje ei brei innføring i det spesialpedagogiske fagfeltet og gje studentane kunnskap om og forståing for spesialpedagogikken sitt virkeområde.
Det blir fokusert på å gje studentane innsikt i spesialpedagogikken si forankring i samfunnet og korleis dette har endra seg i eit historisk perspektiv. Emnet skal vidare gje studentane kunnskap om ulike tilstandar som gir læringsutfordringar. Med utgangspunkt i barnehagen og grunnopplæringa sitt mandat vil det og verta fokusert på å gje studentane innsikt i sentrale omgrep som normalisering, førebygging, tidleg innsats, inkludering og tilpassa opplæring, både på individ og systemnivå. Studentane vil også få innsikt i lovverk og sentrale styringsdokument med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten...
Ferdigheiter
Studenten ..
Generell kompetanse
Studenten ..
Deltaking i innføringsveka er obligatorisk
Deltaking på seminargruppe er obligatorisk.
Oppmøte på seminarane og deltaking i innføringsveka må vere godkjent før studentar kan ta eksamen i emnet.